NRK Meny
Normal

Dei kjempar om inntil 200 statsjobbar

LEIKANGER (NRK): Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil ha eit nytt administrasjons-direktorat, men møter konkurranse frå Finnmark som også vil ha desse jobbane.

Anne Karin Hamre og Ingvild Aleksandersen

VEST MOT NORD: Regjeringa vil effektivisera og foreslår å oppretta ein ny felles administrasjon. Dette direktoratet ønskjer både Anne Karin Hamre (Fylkesmann i Sogn og Fjordane, t.v.) og Ingvild Aleksandersen (Fylkesmannen i Finnmark).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me har gode føresetnader for å ta på oss dette ansvaret. Me utviklar og driftar i dag fleire landsdekkande oppgåver innan IKT og har hovudansvaret for å digitalisera nye løysingar for fylkesmennene, seier Anne Karin Hamre, Fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Dei 18 tilsette ved IKT-seksjonen hjå Fylkesmannen er blitt eitt av argumenta når Sogn og Fjordane prøver å vinna kampen om den nye fellesadministrasjonen for fylkesmannsembeta i landet, eit nytt direktorat med inntil cirka 200 arbeidsplassar.

På Statens Hus i Leikanger har IKT-folka arbeidd fram fleire nasjonale, enkle nettløysingar, som til dømes å søkja om alt frå partistøtte og fri rettshjelp til separasjon og skilsmål.

John Petter Svedal og Espen Kørra

SAMARBEIDER: John Petter Svedal (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, t.v.) og Espen Kørra (Direktoratet for forvaltning og IKT) prøver å få saks- og arkivsystema i offentleg sektor til å snakka saman på tvers av etatsgrensene.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ein spydspiss

– Me er ein spydspiss i arbeidet med å digitalisera og forenkla IKT-løysingar, både for dei andre fylkesmannsembeta og for Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), seier IKT-leiar Jørn Stenehjem hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

KMD la i førre veke fram eit forslag ein meir effektiv måte å administrera dei 17 fylkesmannsembeta i landet på:

Jørn Stenehjem

FORNYA OG FORENKLA: – Me lagar enkle og gode digitale tenester for innbyggjarane, kommunane og dei tilsette ved fylkesmannsembeta, seier IKT-leiar Jørn Stenehjem.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • I eit nytt administrasjonsdirektorat vil departementet samla økonomi, rekneskap, arkiv, personalrådgiving og styringa av IKT, tenester som i dag er spreidde over heile landet.
  • Tillegg vil dei flytta ut arbeidsoppgåver som i dag ligg i departementet, som innkjøp av fellestenester og ansvar for større utviklingsprosjekt, til dømes innanfor IKT.
  • I dag er det totalt 2604 årsverk hjå fylkesmannsembeta i landet. Mellom 350 og 400 av desse er administrative årsverk. Halvparten av desse att kan hamna i den nye fellesadministrasjonen, men det er ikkje bestemt om alle desse jobbane skal vera på ein stad, eller skal desentraliserast.
  • Nokre administrative oppgåver vil framleis bli utført ved det einskilde fylkesmannsembetet.

– Heile organisasjonen vår er gode IKT-brukarar og tek eit ansvar for korleis fylkesmannen kan effektivisera fagoppgåver ved å bruka IKT. I tillegg ligg me i ein bu- og arbeidsmarknad med mange verksemder, etatar og forskingsinstitusjonar med nasjonale og regionale oppgåver som heng godt saman med det me gjer, og som me samarbeider godt med, seier Hamre.

Konkurranse frå nord

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane møter konkurranse. Også Fylkesmannen i Finnmark vil ha den nye store administrasjonsavdelinga.

Statens hus i Finnmark

FÆRRE FYLKESMENN: Dei tilsette på Statens hus i Vadsø er truga av samanslåing med Troms, men Fylkesmannen i Finnmark vil auka bemanninga i Vadsø.

Foto: Statsbygg

– Me har god erfaring med å oppretta nye organisasjonar i Vadsø. Tidlegare Hinas (som har det nasjonale ansvaret for innkjøp til sjukehusa) er eit godt døme på det, sa Ingvild Aleksandersen i førre veke.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer ikkje å kommentera kvar det nye administrasjonsdirektoratet skal leggjast. Når avgjerda blir gjort, er ikkje bestemt.

Færre fylkesmenn

Plasseringa vil vera avhengig av kva som skjer sjølve fylkesmannsstrukturen. Regjeringa vil ha færre slike embete, og både Finnmark og Sogn og Fjordane kjempar for å halda på embetsleiinga.

Å eventuelt få ansvaret for ein ny fellesadministrasjon må ikkje blir eit plaster på såret, seier Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane:

– Denne fellesadministrasjonen må vera tett kopla til det faglege i embeta. Det vil difor vera meiningslaust å etablera ein slik administrasjon åleine ein plass og flytta ut det andre. Du utviklar ikkje gode administrative tenester viss du ikkje veit kva fagfolka har bruk for.

Vegopning på Bergum i Førde kommune