NRK Meny
Normal

Dei kan sikre fleirtal for sal av Fjord1 i dag

HERMANSVERK (NRK): Desse to ferske fylkestingsrepresentantane kan i dag sørge for at Fjord1 blir seld til konkurrenten Torghatten.

Fylkestinget

PÅ VIPPEN: Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen (H) er ferske i fylkestinget, og kan i dag vere dei to som avgjer om Torghatten får kjøpe 59 prosent av aksjane i Fjord1.

Foto: Bård Siem / NRK

Høgre-representantane Sonja Øvre-Flo frå Stryn og Anne Lilleaasen frå Gaular blir ståande på vippen når fylkestinget skal behandle Fjord1-saka frå klokka 13 i dag.

Etter det NRK erfarer har dei to vore i sterk tvil om kva side dei skal stå på i den pikante og vanskelege saka om kven som skal eige ferjeselskapet i framtida. Dei har møtt press frå fleire hald, også internt i Høgre.

Partiet sin representant i fylkesutvalet, Bjørn Hollevik, er nemleg sterkt imot eit sal til Torghatten, medan Noralv Distad er sterkt for.

– At pengane frå Havilafjord skulle lukte dårlegare enn pengane frå Torghatten, det kan eg verkeleg ikkje forstå, sa Hollevik i fylkesutvalet no i føremiddag.

Refsa politiske kolleger

Fylkesutvalet sitt møte opna klokka ni i dag tidleg med ein skarp reprimande frå fylkesordførar Jenny Følling. Ho synte til at ein eller fleire medlemer i fylkesutvalet skal ha gjeve frå seg hemmeleg informasjon til pressa.

– Vi skal ikkje ha nokon prosess for å finne ein syndebukk, men dette er ikkje bra, sa Følling.

Dei fremste fylkespolitikarane diskuterer no i føremiddag kva skal skje vidare i saka. Rett før klokka 10 blei det lagt fram eit forslag frå Arbeidarpartiet, Bjørn Hollevik i Høgre og Venstre om å utsetje Fjord1-saka.

– Fjord1 blir ein filial

Teksten i forslaget som fylkesutvalet no må ta stilling til er blant anna:

«Den noverande salsprosessen blir avslutta. Det blir starta ein ny og samordna prosess for nedsal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 AS med sikte på endeleg stilling til sal innan utgangen av 2016. I denne prosessen skal det haldast dialogmøte mellom eigarane, og mellom fylkeskommunen og selskapet, og vere samordna med FU, eigarane og styret og administrativ leiing i Fjord1 AS.»

– Om vi sel til Torghatten så har vi redusert eit av dei største selskapa i landet med hovudkontor i Sogn og Fjordane til ein filial, sa gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Åshild Kjelsnes.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

REFSA: Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner mellom anna at kritikarane av eit sal til Torghatten ikkje har nok kompetanse til å meine noko. Særleg gjaldt dei i finansmiljøet som har vore kritiske.

Foto: Bård Siem / NRK

Refsa kritikarane

Fylkesrådmann Tore Eriksen var derimot krystallklar på at han meiner at det beste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane er eit sal til Torghatten. Han har fått kritikk for ein uryddig prosess.

– Det er forsåvidt interessant at det blir sagt at prosessen har vore uryddig. Eg har køyrd prosessen på ein skikkeleg måte. Eg er uroa om at vi som meiner vi har jobba ryddig, blir fasa ut av dette, sa Tore Eriksen.

Han kom også med direkte kritikk av dei som har kome med kritikk av eit mogleg sal til Torghatten, særleg dei frå finansmiljøet i fylket som meiner at eit sal ikkje er god politikk.

NRK følgjer den politiske behandlinga av Fjord1-saka gjennom måndagen på nett og radio.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.