NRK Meny
Normal

Har trønder som favoritt til toppjobb

Trond Giske blir peika ut som favoritten til leiarvervet i Arbeidarpartiet av partitoppane i Sogn og Fjordane.

Nils P. Støyva og Hilmar Høl har begge Trond Giske som favoritt som ny Ap-leiar

FAVORITT: Både Nils P. Støyva og Hilmar Høl har Trond Giske som favoritt til jobben som Ap-leiar om Jens Stoltenberg går til NATO.

Foto: Montasje: NRK/NTB/SCANPIX/NRK

Det er enno ikkje formelt avklart om Nato vil utnemne Jens Stoltenberg som ny generalsekretær, men ekspertane meiner Stoltenberg snarast mogleg må avklare leiarspørsmålet i Arbeidarpartiet.

I Sogn og Fjordane held både den nyleg avgåtte og den nye fylkesleiaren ein knapp på den erfarne politikaren frå Trøndelag, Trond Giske.

– Eg er svak for Giske, spesielt i forhold til min eigen politiske ståstad og hans politiske ståstad, vi er ganske like, seier nyvald fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl.

Laber stemning på fylkeskontoret

Jens Stoltenberg har vore leiar av Arbeidarpartiet sidan 2002, men no kan det gå mot slutten. Norges tidlegare statsminister skal nemleg vere aktuell for jobben som generalsekretær i Nato, og seinast i går skreiv Aftenposten at Ap-leiaren blir utpeika til den viktige rolla.

På fylkeskontoret til Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har stemninga vore laber sidan det vart kjent at Stoltenberg kan vere på veg ut av politikken.

– Eg er veldig imponert over Jens. Han er ein veldig liketil kar, og det er alltid kjekt å ha han på besøk, seier fylkessekretær Monica Oppedal.

Ho viser rundt på eit kontor der Ap-leiaren på mange måtar er svært så til stades. Veggane er fulle av plakatar av Stoltenberg nesten over alt.

Monica Oppedal har sjølv møtt partileiaren mange gonger, og sit att med sterke minne om den godt likte partileiaren. Dermed er det heilt naturleg med bilete av han på veggen.

– Vi har ein flott leiar og det er flott å gå forbi han, og sjå på han og tenkje på alt det bra han gjer for partiet.

– Alt tyder på at han er ferdig i norsk politikk og går over til jobben som generalsekretær i Nato, er det nesten ei tåre å skimte i augekroken din?

– Det er faktisk det, vedgår ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jens Stoltenberg
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Difor vil han ha Giske

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl, meiner Jonas Gahr Støre og Trond Giske er dei som peikar seg klart ut til å ta over etter Jens Stoltenberg.

Høl meiner begge to er svært dyktige politikarar, men trur Gahr Støre er den som kjem til å bli valt. Samtidig vil han sjølv altså helst sjå Giske som ny Ap-leiar.

– Han er ein næringspolitikar som kunne vore med å bidra som partileiar. Men dette må Arbeidarpartiet avklare og ha opne prosessar rundt. Per i dag trur eg det er Jonas Gahr Støre som siglar opp som den store favoritten, seier Høl til NRK.no.

Bakgrunnen for at Høl sjølv helst vil ha Giske er at den tidlegare statsråden har mange like verdiar, seier Årdal-politikaren.

– Eg er litt der på venstresida i Ap, og der er også Giske. Han er oppteken av å ta heile landet i bruk og utnytte dei ressursane ein har. Det er eg også. Så eg ser mange likskapstrekk med Giske, og eg har sansen for typen, seier Høl.

Held ein knapp på trønderen

Også Nils P. Støyva, tidlegare fylkesleiar i Arbeidarpartiet og no distriktssekretær i LO, vil helst ha Giske.

– Trond Giske har veldig sterk tilknyting til fagrørsla. I tillegg kjenner han Sogn og Fjordane godt og har hatt veldig mange saker, prosjekt og tiltak i vårt fylke gjennom si tid som både kulturminister og næringsminister, seier Støyva.

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med Giske i mange saker, så eg held nok ein knapp på han.

Fylkessekretær Monica Oppedal meiner Arbeidarpartiet mister ein svært god leiar om Jens Stoltenberg takkar av.

– Får han tilbodet og tek det valet, så er vi sjølvsagt veldig stolte. Men samtidig er det heilt klart at vi mister ein veldig god leiar, seier Oppedal.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.