NRK Meny
Normal

Opretta eige «kommunereformutval»

Senterpartiet i Sogn og Fjordane har no oppretta eit eige «kommunereformutval» for å kunne kome raskt på bana i eventuelle kommunesamanslåingar i framtida.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

LEIAR UTVALET: Ordførar i Gulen, Hallvard S. Oppedal skal leie kommunereformutvalet som Senterpartiet i fylket har oppretta for å vere klare når eventuelle kommunesamanslåingar kjem.

Foto: Gøril Sætre

– Det som kjem frå regjeringa si side når det gjeld kommunestruktur legg opp til veldig store endringar i Kommune-Noreg. Vi vil prøve å gå inn i dette, sjå kva Senterpartiet meiner og kva verknadar dette vil få for Kommune-Noreg.

Det seier ordførar i Gulen og nestleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Hallvard S Oppedal som skal leie utvalet.

Fryktar tvangssamanslåing

Han seier Senterpartiet meiner at samanslåingar må skje frivillig, difor meiner dei at det viktig å vere på bana og kome eventuelle tvangssamanslåingar i forkjøpet.

– Tvangssamanslåing og store kommunar er det vi fryktar. Slik som det er lagt opp til frå dei styrande no, så veit vi heller ikkje kva arbeidsoppgåver vi vil få tilført frå staten. Det kjem ikkje før neste sommar, seier Oppedal.

Umogleg i mange kommunar

Regjeringa har antyda at ein kommune bør ha 15 000–20 000 innbyggarar, Oppedal vil ikkje vere konkret på kva han meiner er ein naturleg storleik.

– I alle fall ikkje her i Sogn og Fjordane. Det blir så lange avstandar at det blir jo heilt umogleg å få det til i mange kommunar. Dette må ein gå inn og sjå nærare på. Eg meiner felles bu- og arbeidsområdet bør ligge i grunn for desse diskusjonane vi står ovanfor, seier Oppdal.

– Det er veldig lite vi veit. Vi veit berre at vi skal bli robust og større. Og då meiner eg at Senterpartiet må inn og sjå kva vi meiner er det rette å gjere i denne situasjonen her.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.