NRK Meny
Normal

Dei har gitt gåver til nesten 800 barn

Rekordmange born i Sogn og Fjordane får i år ei julegåve frå Røde Kors. Men organisasjonen veit at det framleis er barn dei ikkje når ut til.

Berit Flæthe Arntsen og Henriette Solheim i Sogn og Fjordane Røde Kors.

GODE HJELPARAR: Berit Flæthe Arntsen og Henriette Solheim takkar Gjensidigestiftinga for at dei på eit vis er nissen sine gode hjelparar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Med pengar frå Gjensidigestiftinga har Røde Kors i Sogn og Fjordane blitt ein ivrig julenisse dei siste åra. Gåveprosjektet starta opp for fem år sidan, og når ut til stadig fleire.

– Det første året nådde vi ut til vel 200 barn, og var ganske nøgde med det. I år er vi oppe i 778 barn. Så det har vore ein veldig auke, fortel Berit Flæthe Arntsen og Henriette Solheim i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Samarbeider med NAV og kommunane

Prosjektet «Julegleder for barn» er eit nasjonalt samarbeid mellom Røde Kors og Gjensidigestiftinga. I Sogn og Fjordane er 25 av 26 kommunar med.

Målet er å gje barn som kanskje ikkje har like lett for å gle seg til jul ei ekstra juleglede. Dette kan til dømes vere barn i familiar med dårleg råd, barn på asylmottak eller barn på krisesenter. I tillegg til julegåver blir ein del av barna og familiane inviterte på til dømes juletrefest.

– Det er veldig kjekt for oss å vere med å glede andre, seier dei to damene.

Røde Kors får hjelp av NAV og barnevernet for å finne barna som treng ei ekstra julegåve. Ordninga er anonym, der Røde Kors berre får vite kjønn og alder på dei som skal få gåvene. Med det som utgangspunkt handlar dei leikar, klede og andre ting som passar til målgruppa.

– Det blir ein del leiker, men også klede til dei litt eldre.

– Vi kunne nådd fleire

Solheim og Flæthe Arntsen takkar Gjensidigestiftinga, men også lokalt næringsliv som er med på spleiselaget. Når Røde Kors er ute i butikkane for å handle gåver får dei ofte ein ekstra god pris når dei fortel kven gåvene skal til.

Årsaka til at Røde Kors i år deler ut gåver til rekordmange barn i fylket trur dei er todelt.

– Litt av det er at vi har blitt flinkare og når målgruppa betre, og vi samarbeider betre med NAV og kommunane.

– Men det tyder også på at det er fleire barn som har behov for litt ekstra merksemd og ei gåve til jul, seier Flæthe og Solheim.

Dei understrekar samtidig at dei gjerne skulle nådd ut til endå fleire.

– I fjor var det 1200 barn i Sogn og Fjordane som levde i fattigdom, så vi veit at vi ikkje når alle.

– Sjølv om nær 800 er eit stort tal, er vi ikkje nøgde. Framleis er det barn som kunne hatt bruk for ei gåve som ikkje får det, seier dei to og håpar dei får halde fram som nissens hjelparar også i åra som kjem.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser