Hopp til innhold

Dei har følgt etter russisk flåte

Russland er årsaka til at fleire har observert aktivitet frå krigsskip på Sognefjorden i dag.

Fregattar i Sognefjorden

ØVER I SOGNEFJORDEN: KNM «Roald Amundsen», saman med det britiske krigsskipet «HMS ST Albans» øver i Sognefjorden.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland

Russiske krigsskip segler langs norskekysten, noko som har klar samanheng med ei rekkje observasjonar av krigsskip i Sognefjorden.

– KNM «Roald Amundsen» og det britiske krigsskipet «HMS ST Albans» har følgt den russiske fartøygruppa langs kysten, seier Ivar Moen, som er oberstløytnant og talsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Forbiseglinga skuldast russisk aktivitet i Middelhavet og deltaking i krigen i Syria. I alt seks russiske skip, blant anna Russland sitt einaste hangarskip «Admiral Kuznetsov» og det atomdrivne slagskipet «Piotr Velikij», er på veg tilbake til Kolahalvøya etter oppdrag i sørlegare strøk.

Ved Trondheim tok kystvaktfartøyet KV «Andenes» over for det norske og det britiske krigsskipet, som valde ein svipptur innom Sognefjorden.

– Dei segler indre lei på veg sørover, og gjer enkelte øvingar på returen, seier Moen.

Forsvaret vil ikkje spekulere i ubåtaktivitet

Både KNM «Roald Amundsen» og det britiske krigsskipet «HMS ST Albans» er ein del av Nato sin ståande maritime styrke, og eit viktig forsvar, fortel Moen.

– Som kystnasjon må vi ha kontroll på aktivitet langs kysten. Difor har vi følgt dei russiske skipa frå den engelske kanalen.

Er det mistanke om at ubåtar frå den russiske flåtegruppa har reist inn i Sognefjorden, sidan de er der?

– Nei, det har vi ikkje mistankar om. Det vil eg heller ikkje spekulere i, seier Moen.