Hopp til innhold

Dei har ein nådelaus jobb

Dei skal vurdere innsatsen til 240 personar, fire framsyningar, 82 innslag. Juryen har ein nådelaus jobb.

Juryen UKM Sogn og Fjordane 2015

VANSKELEG JOBB: Juryen får ein beinhard jobb framover. Frå venstre Guro Haugen, Marie Mjåseth, Erik Henden Aaraas og Ingebjørg Nomeland.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

– Det er veldig moro å sjå ungdom frå heile Sogn og Fjordane som opptrer med så mykje forskjellig. Både når det kjem til sjanger og instrument – alt frå harpe til hard metall! seier Ingebjørg Nomeland, jurymedlem.

Det er andre gong ho er med i UKM-juryen. Dei andre er nye av året.

– Det som er fint er at vi har forskjellige bakgrunnar, slik at vi utfyller kvarandre. Det er veldig viktig. Samstundes kan alle sei noko om formidling. Så vektlegg ein ulike ting, så det vert litt diskusjonar.

Opptekne av breidde

– Kva er det som avgjer kven som går vidare til UKM-festivalen?

– Vi skal vise breidda frå fylket, så det vert ein kombinasjon av formidling og framføring, kvalitet og originalitet.

Dei har mykje å fordøye etter fire framsyningar. Resultatet kjem først måndag morgon.

-Det er no arbeidet startar skikkeleg. Vi har sjølvsagt teke notat undervegs, så no er det å samle det og vurdere.

Ho understrekar at alle har ein sjanse.

– Vi er opptekne av å sjå alle. Men diverre er det ikkje plass til å få med alle vidare. Likevel meiner vi det har ein stor verdi for deltakarane å få delta, og å verte sett av kvarandre.

Har full kontroll

Andre som har gjort ein stor innsats i kulissane er elevar frå medielina ved Sogndal vidaregåande skule. Dei sørgar for at det heile vert sendt live.

Camilla Solheim har ansvar for biletmiks og regi, og sit på eit rom i kjellaren, svært konsentrert, framfor ein skjerm som viser alle kamera inne frå salen. Ho kommuniserer kontinuerleg med dei som filmar og miksar det heile saman.

– Det er hektisk, spesielt på raske songar. Då gjeld det å finne dei gode bileta raskast mogleg, seier ho.

Jobbar med UKM-sending

STYRER SENDINGA: Elevane Camilla Solheim og Ingeborg Flatjord Kjøsnes har ansvaret for sendinga til UKM på nettet.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Ved sidan av sit Ingeborg Flatjord Kjøsnes, som har ansvar for grafikken. I tillegg har dei fem personar som filmar. Solheim seier at ho storkosar seg, sjølv om det til tider kan vere hektisk.

– Det gir meirsmak. Det er kjekt å ha kontrollen over det heile, seier ho og vender seg tilbake til skjermane.

UKM i Førde også til neste år

Laurdag vart det klart at Førde får arrangere UKM endå eit år, sjølv om stafettpinnen eigentleg skulle gå vidare etter at Førde har arrangert fylkesmønstringa i tre år.

– Vi synest det er veldig kjekt å arrangere UKM, så er det ein gladnyheit for oss, seier kulturleiar i Førde kommune, Johan Bengtsson.

Han håpar likevel Sogn finn eit passande lokale og har lyst å ta oppdraget i 2017.

– Det viktigaste er at ein har eit stort nok lokale. Ein skal ha plass til konsertar, utstilling og overnatting. Vi er veldig heldige her som har alt samla i eitt hus. Eg vil absolutt oppfordre andre kommunar til å kaste seg ut i det, det er veldig utviklande å ha eit slikt arrangement – og så er det veldig kjekt å få besøk av så mange flinke ungdommar, seier Johan Bengtsson.