Hopp til innhold

Forfattaren skreiv av seg hat - dei vil ha rolle i filmen

Nervane er nesten til å ta å føle på, negler blir kortare og tekst blir pugga på. – Eg trur alle er spente, seier Adelheid K. Breidvik (14) frå Førde.

Elisabeth Dvergsdal, Angeline Standnes og Adelheid K. Breidvik på audition i Førde.

SPENTE: Førde-jentene Elisabeth Dvergsdal, Angeline Standnes (begge 12) og Adelheid K. Breidvik (14) var tre av over 20 spente jenter som tysdag håpa på å få ei rolle i filmen «Dukken i taket».

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

14-åringen er blant eit 20-tals jenter som tidleg har møtt til audition i Førdehuset.

Det står om ei av fleire ledige småroller i den nye psykologiske thrilleren «Dukken i taket», basert på Ingvar Ambjørnsen sin roman med same namn.

– Eg har gått på kor og vore med på nokre skuleframføringar, men aldri noko slikt seier ei småspent Adelheid K. Breidvik (14).

Kjente skodespelarar

Filmen skal spelast inn på Mundal Hotel i Fjærland, og innspelinga startar i september. Men først må alle rollene dekkast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Audition til "Dukken i taket" i Førde.

NERVAR: Mange av dei frammøtte var både spente og nervøse før dei viste seg fram for castingansvarleg Ingvild Ulset.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Om kring ei veke blir det klart kven av dei lokale skodespelarspirene som får spele saman med fleire kjende, norske skodespelarane, som Anders Baasmo Kristiansen og Trond Espen Seim.

– Eg har aldri prøvd meg på teater eller slikt før, så dette er berre for gøy. Eg har lyst til å prøve noko nytt, seier 12 år gamle Angeline Standnes, også ho frå Førde.

Vand med nervar

– Eg er berre redd for å gløyme teksten, legg klasseveninna Elisabeth Dvergsdal til.

Ingvild Ulset

ANSVARLEG: Ingvild Ulset har sett skodespelarspirer både i Sogndal og Førde denne veka.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det er Ingvild Ulset jentene skal vise seg fram for. Ho er castingansvarleg for filmen og seier det er heilt normalt å vere nervøs.

– Slikt ser eg stadig vekk, så eg veit korleis eg skal roe dei ned. Det er berre å vere seg sjølv, og kaste seg uti noko som kanskje verkar litt ukjent, smiler Ulset.

Nøgd med Sogndal

Måndag møtte ho 84 skodespelarspirer under ein tilsvarande audition i Sogndal.

– Det gjekk veldig fint. Det var veldig mange ulike talent, og eg trur absolutt at nokre skilde seg ut, smiler ho løyndomsfullt.

Mundal hotell

LOKASJON: Filmen skal spelast inn i Fjærland og på Mundal Hotell.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei som håpar å kapre ei av dei ledige smårollene i filmen, må framføre ein sketsj under audition. Det gir mange konsentrerte jenter i gangane i Førdehuset.

Ulset forsikrar at ein ikkje må ha erfaring frå drama eller teater for å nå opp.

– Nei, det har skjedd ofte at vi har funne nokre som har passa utmerka, og som har eit naturtalent, men som aldri har drive med teater, skulerevyar eller noko som helst, seier ho.

Ser etter jenter

Dei største rollene i filmen er allereie avklara, så det er smårollene Ulset no jaktar skodespelarar til.

– Men dei er like viktige. Vi ser spesielt etter ungdomar, jenter, til framståande roller i filmen, seier ho.

– Er det roller med replikkar?

– Ja, absolutt. Vi har mange replikkar til smårollene. Eg vil kalle nokre av dei biroller.

Skreiv av seg hat

Ingvar Ambjørnsen

FORFATTAREN: Ingvar Ambjørnsen.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Boka til Ambjørnsen vert skildra som rå og skremmande, om hemnlyst og vrangførestillingar. Då boka kom ut i 2001 fortalde forfattaren sjølv til NRK at han gjennom boka skreiv av seg mykje hat.

– «Dukken i taket» er kanskje det svartaste eg har skrive, sa Ambjørnsen.

Boka var forfattaren si 30. bok, men for første gang skreiv han om ei kvinne, tobarnsmora Rebekka, som hovudperson.

– Ei oppleving for livet

Når boka kjem på lerret er det Siren Jørgensen som spelar hovudrolla. Kjersti Steinsbø er regissør.

Så spørst det kven som blir dei lokale skodespelarane. Men ein ting kan Ulset love:

– Det blir ei oppleving for livet for desse som får vere med å jobbe tett med profesjonelle, store norske skodespelarar. Som får lære om filmproduksjon, korleis det er å vere skodespelar og kanskje stele nokre gode triks frå dei store erfarne skodespelarane.