Normal

Dei gler seg til å spele i lag

Førde-gutane Lars Fredrik Tvinde og Geir Eithun spelar på lag når NEVZA-turneringa i sandvolleyball startar i Oslo torsdag.

Lars Fredrik Tvinde og Geir Eithun

PÅ SAME LAG IGJEN: Etter å nyleg ha kjempa mot kvarandre skal dei to volleyballspelarane frå Førde no spele på same side av nettet.

Foto: NRK

Den faste makkeren til Geir Eithun, Iver Horrem, slit med småskadar. Dei to vart norske meistrar sist helg, medan Tvinde måtte ta til takke med sølv saman med Øyvind Hordvik etter å ha tapt NM-finalen mot Eithun/Horrem.

Men no skal dei to volleyballspelarane frå Førde altså spele saman. Det skjer i NEVZA-turneringa i Oslo, der dei beste laga frå Nord-Europa møtest. Og Eithun gler seg til å spele saman med den litt yngre Tvinde.

– Vi har spelt saman før, men i det siste kjenner eg han best som motstandar. Uansett forstår vi kvarandre godt, og vi har overkommeleg motstand i første kampen, så vi får bruke den til å bli godt samspelte.

– Dette blir kjekt

NEVZA er forkorting for The Northern European Volleyball Zonal Association, og turneringa i Oslo er dermed ein nordeuropeisk meisterskap. Det er 24 herrelag påmelde, halvparten av dei er norske.

Den første kampen går på Jernbantorget i Oslo klokka 12. Som dei flest sikkert har fått med seg var detnokså vått i Oslo onsdag, men det er meldt fint vêr til torsdag, og Eithun håpar at det har tørka opp til kampane startar.

Lars Fredrik Tvinde har tru på at det skal gå greitt å spele saman med sitt eldre og meir meritterte bysbarn.

– Dette blir kjekt. For andre helg på rad får eg sjansen til å spele på lag med svært gode makkerar. Geir og eg spelte saman i ei turnering i Førde for nokre år sidan, og vi kjenner kvarandre godt.

– Finne roen

Sist helg var dei motstandarar i NM-finalen, og dei har berre fått ei lita treningsøkt i lag før turneringa, men begge trur dei kjapt skal finne tonen.

– Det handlar om å finne roen og bli trygge på kvarandre, og det trur eg vi skal greie fort når vi er i gang, seier Tvinde.

Både han og Geir Eithun meiner dei iallfal bør kome til semifinalen i turneringa, der dei beste nordiske laga stiller, saman med engelske lag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune