– Her har vi alt vi kan tenke oss, det er fantastisk natur. Og eigentleg ligg fylket sentralt i landet, sjølv om det tek litt tid å køyre til alle plassane. Det er greitt med jobbar, skular, butikkar. Vi voks opp i byar, begge to, men det tek ikkje lengre tid å køyre til jobb eller kjøpesenter her enn i Oslo, seier Maria.
– Oslo kjekk by, men ...
Dei valde å slå seg ned på Skei i Jølster. Det var eit taktisk val fordi det ligg sentralt i fylket med overkommeleg avstand til fleire arbeidsområde. Vebjørn seier at dei trivst godt.
– Oslo er ein kjekk by, men vi har alltid visst at det ikkje er der vi skal bli gamle.
Og for folk med bakgrunn i Målungdommen er det slett ikkje noko minus at Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke.
– Då vi sette oss ned med Norgeskartet var det bokmålskommunane som var dei første som vart eliminerte.
Det budde 110.266 menneske i Sogn og Fjordane 1. januar 2017. Det er 736 fleire enn eitt år tidlegare. Og det var folketalsvekst i 19 av dei 26 kommunane.
Størst prosentvis auke var det i Hyllestad (+ 3,1 prosent), der folketalet auka frå 1395 til 1438. Talmessig er det størst auke i Førde (pluss 109 til 13.009).
Solund, som har hatt jamn nedgang gjennom mange år kunne notere ein auke på ni innbyggjarar til 794 ved siste årsskiftet. Også Høyanger, Årdal og Bremanger har snudd ein mangeårig nedgang til plusstal, rett nok små tal for Bremanger og Årdal sin del.
(Sjå tabell nedst i artikkelen).
– Eit lett val
Ei anna som har hjelpt til med å få talet på innbyggjarar til å bikke over 110.000 er Sofie Klemetzen, som i august flytta til Luster.
– Eg fekk ein jobb som var veldig relevant for utdanninga mi. Eg jobbar som verdsarvkoordinator for Urnes stavkyrkje. Eg budde på Hafslo frå eg var to år til eg reiste ut for å ta utdanning, og eg har alltid lengta tilbake til Sogn, så det var eit lett val.
Førde stagnerer
Sist sommar kunne ordførar Olve Grotle i Førde juble over at kommunen den 1. juni 2016 hadde passert 13.000 innbyggjarar. Talet var då 13.003. Ved årsskiftet har det ikkje stige meir enn til 13.009. Med andre ord ein stagnasjon siste halvåret.
- Les også:
- Les også:
I andre halvdelen av 2016 tok Flora for første gong på mange år innpå Førde. I Flora auka folketalet med 24 siste halvåret (76 heile året).
Til saman har dei fire kommunane i indre Sunnfjord som snart skal bli til ein 21.872 innbyggjarar. Alle fire har auke siste året.
Selje og Eid, som også vil slå seg saman, har til saman 8855 innbyggjarar. Sogndal, Leikanger og Balestrand, som dels motviljuge ser ut til å bli ein kommune, har til saman 11.561 innbyggjarar.
- Her kan du sjå utviklinga i din kommune: