NRK Meny
Normal

Dei gamle amerikanarane er på plass i Førde

Drifting, rodeo og gamle bilar. Det kjem til å bli svidd av nokre dekk under Trøkk n'truck i Førde i helga, lovar arrangøren.

Bjarte Roger Kongsvik
Foto: Ole Heilevang / NRK
Konvoi under Trøkk n'truck-festivalen i Førde

– Vi kjem nok til å svi av langt over 100 dekk her i helga, seier Simon Vie. Ein av arrangørane bak festivalen Trøkk n'truck.

Festivalen arrangerast i år for andre gong, på det gamle verftsområde på Øyrane i Førde.

NRK var innom fredag kveld, då konvoien av gamle, nye, store og små bilar var på veg inn på festivalområdet.

Simon Vie

HAR KONTROLL: Simon Vie styrte trafikken inn på festivalområdet fredag kveld.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

I løpet av helga skal det mellom anna vere bilutstilling, konsertar og driftingshow. Det er under driftinga det kjem til å bli svidd av nokre bildekk.

– Dette er ein up-and-coming sport, og her skal utøvarane få vise kva dei kan. Det blir mykje røyk og lyd, seier Vie.

Vegopning på Bergum i Førde kommune