Hopp til innhold

Dei første reinskrottane har kome til Lærdal

BORGUND (NRK): Til no er det tatt 150 prøvar av villrein som er felt i Nordfjella, for å sjå om dei har skrantesjuke.

Villrein til analyse mot skrantesjuke - Kåre Rudningen

I GONG: Kåre Rudningen har starta analysearbeidet av dei første villreinane som har blitt skote under jakta i Nordfjella. Prøvane skal gje svar på om reinen har blitt smitta av skrantesjuke.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– I dag har vi tatt ti prøvar, og det ligg om lag 110 dyr på frysen, seier Kåre Rudningen.

I eit lagerbygg ved Borgund i Lærdal kommune står veterinær Rudningen og tar prøve av alle villreinane som vert skoten eller avliva i Nordfjella. I førre veke starta jakta, etter at det vart vedtatt at heile stammen på 2200 villrein i fjellområdet skulle avlivast.

Alle dyr som vert skotne i Nordfjella skal til analyse, som skjer anten i Lærdal eller Hallingdal. Området i Nordfjella går inn i dei seks kommunane Aurland, Lærdal, Hemsedal, Hol, Ål og Ulvik.

Slik skjer det

Som kjend er årsaka til avlivinga av all villreinen i Nordfjella fryktaa for spreiing av den smittsame og dødelege hjortesjukdommen skrantesjuke. Fire dyr har fått påvist sjukdommen og veterinæren er ikkje i tvil om at avliving av heile stammen er det rette valet.

– Om ein ser på erfaringane frå Nord-Amerika, der sjukdommen har fått utvikla seg fritt er dette einaste utveg, seier Rudningen.

Villrein til analyse mot skrantesjuke

HOVUD: Det er berre hovudet som vert sendt til undersøking, resten av dyret får jegeren behalda.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Den utvida ordinære jakta starta førre veke og fram til 1. november skal jegerar ta ut så mange dyr som dei klarar. Etter det kjem statlege jaktlag inn og målet er alle dei 2200 dyra skal vera utrydda innan 1. mai, 2018.

Til no har det kome inn totalt 150 dyr. Av desse har 110 blitt sendt til Lærdal, medan 40 vert analysert i Hallingdal, men det er berre hovudet som vert sendt analyselokala.

– Jegeren har kontroll på slaktet og slakteavfallet som vom, skinn og bein ligg att i fjellet. Det skal jegerane ha kontroll på kor dei har lagt det og så skal det steinast ned. Om det viser seg å vera eit sjukt dyr skal ein frakta slakteavfallet ut med helikopter, seier Rudningen.

Kan eta kjøtet, men ...

Med 2200 villrein som skal avlivast på den eine eller andre måten fram mot 1. mai neste år vert det masse kjøt. Rudningen seier menneske kan eta kjøtet, men at det også kan bli inndratt av Mattilsynet.

– I praksis kan ein ikkje bli sjuk av å eta kjøtet. Men mattilsynet anbefaler at alt kjøt frå dyr i eit risikoområde skal undersøkast, og om dyret har sjukdommen så vil dei inndra dyret, seier han.

Villrein til analyse mot skrantesjuke

FRYS: På frysen ved Borgund ligg over hundre reinhovud på lager, etter at dei har blitt tatt prøvar av for å sjekke om reinen er smitta av skrantesjuke.

Foto: Wibeke Bruland / NRK