Hopp til innhold

På seks dagar skal dei avvikle fire internasjonale volleyballkampar

I løpet av seks dagar skal Førde VBK arrangere tre kampar i Nordisk Liga og ein kamp i Europacupen. Dette krev mykje arbeid av ein hard kjerne i klubben.

Førde VBK førebur Nordic League

PLANLEGGING: Frå v. Jonas Kvalen, Tor Kristian Kvammen, Jan Ove Hafstad og Alf Jonas Pettersen i Førde VBK.

Foto: Førde VBK

Dagleg leiar Tor Kristian Kvammen seier at dei er fem-seks personar som dreg det tyngste lasset i forkant av kampane.

– Det er litt spesielt denne gongen sidan vi får innleiande runde i Nordisk Liga og ein europacupkamp så tett. Vi må jobbe med begge parallelt.

Skal spele tre kampar på seks dagar

Det startar fredag kveld, då Førde møter det svenske laget Falkenberg i Nordisk Liga, laurdag møtest Falkenberg og det danske laget Holte, og søndag spelar Førde mot Holte. Og onsdag den 6. november er det europacupkamp mot det russiske laget Fakel Novy Urengoy i Førdehuset.

Tor Kristian Kvammen

HEKTISKE DAGAR: Tor Kristian Kvammen frå tida som spelar. No er det administrasjon og kampførebuingar som tek tida.

Foto: Rune Fossum / NRK

Særleg europacupkampen set store krav til arrangøren, for det er heilt andre krav der enn i vanlege seriekampar, fortel Kvammen.

– Det er mykje småpirk og detaljar som vi må sette oss inn i. Er ikkje alt på stell, vankar det bøter. Til dømes er det ikkje lov å gje spelarane på gjestande lag vanleg springvatn i opne flasker. Flaskene må vere forsegla.

Heile klubben involvert

Den harde kjernen på fem-seks personar har hatt hendene fulle dei siste dagane med logistikk. Dei har ordna med reise, innkvartering og mat til dei gjestande laga.

– Så er det all rigginga i Førdehuset, marknadsføring av kampane, det er veldig mykje å ta tak i no dei siste dagane.

Heile klubben blir involvert på kampdagen, med alt frå billettsal til tørking av golv.

Førde slo Tromsø i serieopninga

MØTER EITT AV VERDAS BESTE LAG: Førde VBK, her mot Tromsø i serieopninga, får tøff motstand onsdag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Håpar på pluss

Tor Kristian Kvammen håpar at alt arbeidet skal bli krona med eit lite overskot økonomisk.

– Det bør vere mogeleg å kome i pluss på europacupkampen onsdag, vi møter trass alt eitt av dei beste laga i verda. I Nordisk Liga er det ei utgiftsfordeling mellom dei tre laga, så det går vel truleg i null.

Sportsleg ser han sjansane til å vinne størst i Nordiks Liga.

– Vi har ambisjonar om å kome oss til finalerunden, men vi møter det beste svenske laget, og det er puljevinnaren som går til finale. Det blir tøff kamp, men vi skal ha gode sjansar til å gå vidare.

I europacupkampen onsdag levnar han ikkje Førde store sjansar.

– Der møter vi som nemnt eitt av dei beste laga i verda, så der er vi nok klart underdogs.