Hopp til innhold

Dei fleste svergar framleis til ekte juletre

I årevis har butikkar meldt om stor auke i salet av plastjuletre, men det har ikkje gått utover norske produsentar av «ekte» vare. Snarare tvert imot.

Bjørn og Britt Vollstad

VIL HA EKTE VARE: Bjørn og Britt Vollstad frå Førde er blant fleirtalet av nordmenn som framleis vil ha ekte juletre - og ikkje plast.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det er ei høgtid for året, då må du kunne halde deg til naturen, seier Bjørn Vollstad, som nettopp har henta årets gran hjå Sjur Wie i Førde.

Saman med kona Britt svergar dei til tradisjonen med naturlege juletre. Det same gjer fire av fem nordmenn, trass i at salet av plasttre har auka kraftig dei siste åra. For familien Vollstad er det gran som gjeld.

– Eg har prøvd meg eit par gongar med furu, for den står seg betre. Men nei, det er gran som gjeld, seier Vollstad.

Eksporten til utlandet aukar

John-Anders Strande, daglig leder i Norsk Juletre

EKSPORTEN AUKAR: John-Anders Strande, daglig leiar i Norsk Juletre, seier dei slit med å produsere nok tre.

Foto: Henrik Bøe / NRK

John Anders Strande er dagleg leiar i Norsk Juletre og har merka seg at fleire har fått auga opp for edelgrana både i Norge og i utlandet.

– Vi ser ei voldsam auke i interessa for fjelledelgrana. Den har blitt veldig populær dei siste åra og vi merkar ei veldig stor etterspurnad frå utlandet. Problemet er å produsere nok tre, seier han.

Sjur Wie frå Førde har drive juletresal sidan 1979 og han har ikkje merka plasttrea sitt inntog.

– Lukta er ein vesentleg del og at det skal vere eit naturprodukt, det trur eg er viktig for opplevinga av jula, seier han.

Sjur Wie

VETERAN: Sjur Wie har solgt juletre 36 år og merkar ikkje noko endring i nordmenn sine preferansar.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Folket svergar til ekte vare

Blant dei vi trefte på gata i Førde er det framleis det gamle tradisjonelle juletreet som gjeldt.

– Vi vil ha ekte vare, som luktar godt, seier ein av dei.

– Eg kjøper gamaldags, slik eg alltid har gjort. Det er noko med lukta og det du har vorte van med, seier ei anna.

Og tilbake i juletreskogen til Sjur Wie kjem kundane rennande inn ei dryg veke før jul. For det er noko spesielt med kortreiste juletre.

– Her kan dei hogge sjølv og det er ekte dagsfersk vare, seier han.