Hopp til innhold

Dei fleste får førstevalet

3557 søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei har som førsteval. Dette tilsvarer 89 prosent av alle søkjarane.

Mo og Øyrane vidaregåande skule
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Også i år kan vi tilby majoriteten av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim, i ei pressemelding.

Til saman har 4330 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane skuleåret 2015–2016. Av desse har 4074 ungdomsrett. Dei som ikkje får tilbod om skuleplass i første inntaket, står på venteliste fram til andre inntaket 31. juli.

41 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Dette gjeld søkjarar som har rett til tilbod i nabofylket gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som ikkje finst i vårt fylke.

Etter første inntaket er det om lag 150 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Alle søkjarar utan ungdomsrett står på ventelistene og kan bli tekne inn til ledige plassar seinare.

Det er totalt 290 ledige skuleplassar i fylket, om lag halvparten av desse er på vg2.