Hopp til innhold

Dei fire hurtigbåtane til Bergen forureinar dobbelt så mykje som 200 bussar

Dei fire hurtigbåtane som går frå Sogn og Fjordane til Bergen forureinar dobbelt så mykje som fylkeskommunen sine 200 bussar.

MS Vingtor i rute mellom Bergen og Sogn

MILJØBOMBE? Hurtigbåtane mellom Sogn og Fjordane og Bergen slepp ut meir enn mange bussar.

Foto: Pressebilete / Norled

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei fire langdistanse hurtigbåtane står for 40 prosent av dei totale utsleppa frå kollektivtransporten i regi av fylkeskommunen.

Dei lokale hurtigbåtane står for 15 prosent og fylkesvegferjene 23 prosent av utsleppa. Dei 200 bussane som fylkeskommunen har ansvar for står for 22 prosent av utsleppa.

Førstekandidat for Miljøpartiet, Stein Malkenes, meiner det er sterkt kritikkverdig at fylkeskommunen har inngått langsiktige avtalar med bruk av sterkt miljøfiendtlege hurtigbåtar.

– Det er både pinleg og uansvarleg at det politiske miljøet i Sogn og Fjordane ikkje tek tak i dette. Vi kan ikkje har hurtigbåtar som forureinar så kolossalt, seier han. Malkenes sit også i fylkestinget og samferdselsutvalet.

Stein Malkenes på fylkestinget

KRITISK: Stortingskandidat Stein Malkenes frå Miljøpartiet meiner det er skrekkeleg at fylkespolitikarane har sagt ja til langsiktige avtalar med sterkt miljøfiendtlege hurtigbåtar.

Foto: Aleksander Åsnes

Følling avviser kritikken

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) viser til at kontraktane med hurtigbåtane til Bergen varer fram til 2022, og at ein ikkje får gjort noko innan den tid.

– Det blir stilt miljøkrav til alle ferjene vi lyser ut. Vi tek miljøspørsmålet på alvor, seier ho.

– Men kvifor vart det ikkje stilt utsleppskrav for hurtigbåtane til Bergen?

– Klimaspørsmålet var ikkje så viktig då kontraktane vart inngått. Heller ikkje departement eller storting stilte den gong utsleppskrav, seier ho. Følling legg til at det i dag ikkje finst utsleppsfrie løysingar for dei langdistanse hurtigbåtane.

Jenny Følling

AVVISER KRITIKK: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) tek ikkje sjølvkritikk for at fylkeskommunen har inngått langsiktige avtalar med miljøfiendtlege ekspressbåtar.

Foto: Bård Siem / NRK

Av fylkeskommunen sitt samla dieselforbruk i 2015 på 16,4 millionar liter, brukte dei fire hurtigbåtane til Bergen åleine 6,7 millionar liter. Dei 200 bussane brukte 3,6 millionar liter.

– Må godta redusert fart

Malkenes meiner fylkespolitikarane burde sett som vilkår at kontraktane med hurtigbåtane til Bergen skal gjennomgåast med jamne mellomrom.

– Det burde vore stilt krav om utsleppsfri teknologi så snart teknologien er på plass, seier han.

Dagens hurtigbåtar køyrer godt over 30 knop. Malkenes meiner vi må innstille oss på at utsleppsfrie båtar ikkje vil gå så fort.

– Om kort tid finst det utsleppsfri teknologi med hurtigbåtar som kan gå 20 knop. Det vil vere ei nyvinning, seier han.