Hopp til innhold

«Salte Kyss» gjorde sterkt inntrykk på Sunnfjord-elevane

Elevar frå fleire skular i Sunnfjord fekk ei sterk oppleving då dei onsdag vart publikumarar til ein film utanom det vanlege i Førde.

Visning av Salte Kyss

ULIKE REAKSJONAR: Shwan Dler Qaradaki fortel elevane om sitt liv som blir vist i filmen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Bodskapet i filmen er viktig for meg å formidle til ungdommen, difor har eg eksperimentert med denne type medieform, seier filmskaparen sjølv.

Shwan Dler Qaradaki var til stades under framsyninga av den kunstariske filmen om hans eiga flukt frå Irak til Noreg. Filmen har fått namnet «Salte Kyss», og kjem i tre delar.

Vil ha reaksjonar

Shwan Dler Quaradaki

ALLTID SPENNANDE: Shwan Dler Qaradaki synst det alltid er spennande å vise fram det han har laga.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Med tema som identitet og tilhøyrsle skal ungdomane kjenne seg att i eit fleirkulturelt Noreg.

– Målet med å vise filmen for ungdommane er å få fram ulike reaksjonar og spørsmål blant ungdommane, men også fakta om innvandring sett frå ein innvandrar sine auge, seier ein spent Qaradaki før framsyninga.

"Salte Kyss" er ikkje noko vanleg film, som folk flest ser på kino. Det er eit levande kunstuttrykk som består av akvarellar, måleri, teiknefilm, og video.

Gjennom dei tre delane får sjåarane høyre om krigen i Irak, og Qaradaki sin flukt og kamp for å få bli i Noreg.

LES OGSÅ: Seier nei til 68 Astrup-kunstverk

Sterke inntrykk

Blant elevane var det ulike reaksjonar om det dei fekk sjå. Mange synst opplevinga av filmen og det at hovudpersonen var der i eigen person gav sterke inntrykk.

Vi er veldig heldige som bur i Noreg og ikkje har opplevd slike ting sjølve

Oda Bueie Dalin

– Du får eit heilt anna inntrykk av det du ser når personen det handlar om er til stades, enn når du ser på nyheitene, meiner Oda Bueie Dalin frå Førde Ungdommskule.

Sjølv om filmen etter fleire si meining er fortalt på ein sær måte har den også gått inn i elevane sine tankar om fleire innvandrarar si fortid.

– Eg blir faktisk ganske sett ut når eg får sjå ein slik film. Når det i tillegg er ei sann historie, som blir fortalt av ein som sit framfor deg, så blir det blanda kjensler. Etter filmen sat eg att med mange spørsmål som eg veit ikkje går an å svare på, seier Vegard Marius Benjaminsen.