NRK Meny
Normal

Dei får oppfylt draumen sin - får møte Elise Thorsnes

Inga Loftesnes (15) og Lone Cirotzki (14) hadde eit stort ynskje. Fredag blir det oppfylt.

Inga Loftesnes, Mari Liseth Fimreite og Lone Cirotzki

FÅR DRAUMETUR: Inga Loftesnes (t.v.) og Lone Cirotzki (t.h.) får møte Elise Thorsnes. I midten MOT-informatør Mari Liseth Fimreite.

Foto: Elin Yttrehus

Dei to jentene går på Kvåle skule i Sogndal. Begge er dei ivrige fotballspelarar, og dei har same førebiletet: Elise Thorsnes frå nabokommunen Leikanger, landslagsspelar og no klar til å reise til fotball-VM i Canada.

Draumen til dei to Sogndal-jentene er å få møte Elise Thorsnes og resten av landslaget. Difor skreiv dei ein draumesøknad til MOT.

Mari Liseth Fimreite er MOT-informatør i Sogndal kommune, og ho fortel at dei no oppfyller draumen til Inga og Lone.

– Inga har hatt eit tøft år etter at ho miste faren sin for eitt år sidan av kreft. I MOT har vi fokus på draumar, og vi er svært opptekne av at ungdommane skal ha tru på seg sjølv og dei draumane dei har.

Eitt døgn med landslaget

Fredag reiser dei til Oslo saman med Mari. Der får dei eit heilt døgn i lag med kvinnelandslaget på deira pre-camp før dei reiser til Canada søndag. Planen er at Inga og Lone skal fylgje laget, mellom anna får dei vere med i spelarbussen til Nadderud stadion, der det er kamp mot Finland fredag.

Dei får og vere med på treninga laurdag, og dei får ete middag saman med landslaget. Dei får bu på same hotellet som landslagsjentene, Thon Hotell Ullevaal.

– Vi gler oss veldig, særleg til å møte Elise Thorsnes. Dette blir eit minne for livet, seier dei to.

Pellreud og Thorsnes

FØREBILETET: Elise Thorsnes, her saman med landslagstrenar Even Pellerud.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Mål: Å kome på landslaget

Og kanskje blir det ein første smak på livet som landslagsspelar. For både Inga Loftesnes og Lone Cirotzki har ambisjonar som fotballspelarar.

Fotball har alltid vore ein stor del av livet deira, begge spelar i 3. divisjon for Sogndal og har vore på krinslaget til Sogn og Fjordane. Dei har som mål å ein gong gjere som Elise Thorsnes, få spele med det norske flagget på brystet.

Fotball-VM i Canada startar 6. juni, finalen går 5. juli. Norge har hamna i gruppe med Tyskland, Elfenbeinskysten og Thailand.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.