Hopp til innhold

Dei får millionar til landstraum

To bedriftter i Florø får nesten 13 millionar kroner til å etablere anlegg for landstraum.

Fjord Base As og Weston Yards

LANDSTRAUM: Fjord Base AS OG Westcon Yards får støtte til landstraum.

Foto: MONTASJE: Vidar Gudvangen/Harald M. Valderhaug / NRK

Det er Enova som har gjort tildelingane i første runde av landstraumutlysinga. Der får Fjord Base AS 11,6 millionar og Westcon Yards om lag ein million kroner til prosjektet.

– Det betyr at vi kan vere blant dei første, i alle fall i vårt område, som får moglegheit til å etablere eit landstraumsanlegg for dei båtane som måtte ha det behovet, seier Jim Haugland som er basesjef ved Fjord Base AS i Florø.

Framtidsretta

I alt 13 prosjekt får til saman 82 millionar kroner i støtte for bygging av landstraum. Over halvparten av dei omsøkte prosjekta får støtte, og to av desse ligg i Flora.

Gruppeleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, er glad for at prosjekta i Flora får støtte og skriv i ei pressemelding at han håpar dette fører til at prosjekta vert realiserte.

– Dette er framtidsretta og i tråd med regjeringa sine mål om å redusere utslepp av klimagassar. Det er svært hyggeleg å sjå at private aktørar i Flora ser og utnyttar dei moglegheitene som kjem i utviklinga av lågutsleppssamfunnet, seier Djuvik.

Full utteljing

Enova lanserte i vinter programmet for støtte til utbygging av landstraum. Utlysinga under programmet vart utforma som ein konkurranse der søkjarane konkurrerer om ein gitt pot med støttemidlar. Enova vurderer søknadane ut ifrå kor mykje støtte som krevst for å utløyse prosjekt og kor godt potensialet for bruk er.

I Florø har Fjord Base fått 11,6 millionar kroner, som var det dei søkte om.

– Vi har fått full utteljing, og det er vi svært nøgde med, seier Haugland.

Etter planen skal anlegget ved Fjord Base plasserast på den mest sentrale, av dei sju kaiane på området.

– Utan tilskotet frå Enova hadde dette vore vanskeleg å gjennomføre, for det er ei tung investering som må gjerast, seier Haugland.