Hopp til innhold

Dei er skeptiske til utanlandsk kapital

Fylkespolitikarane Aleksander Øren Heen (Sp) og Hilmar Høl (Ap) likar ikkje planane Sognekraft har om å selje kraftverk for å finansiere kraftutbygging.

Hilmar Høl og Alexander Øren Heen

BER SOGNEKRAFT VURDERE ANDRE LØYSINGAR: Hilmar Høl (Ap) t.v. og Aleksander Øren Heen (Sp).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tysdag kunngjorde Sognekraft at dei vil selje åtte mindre kraftverk som dels er under utbygging og som dels er til konsesjonsbehandling. Sognekraft vil byggje ut kraftverka, for så å selje dei når dei er klare til å produsere straum.

Meininga er å ha ein klausul om at Sognekraft skal få kjøpe kraftverka att etter 30 år. Adm. dir. Terje Bakke Nævdal i Sognekraft sa at det er mest sannsynleg at det blir internasjonal kapital som vil investere.

– Sjå etter andre løysingar

Fylkespolitikar Aleksander Øren Heen (Sp) meiner det er gale å selje ut arvesølvet.

– Eg synest det er synd at dei skal selje ut til utanlandske eigarar. Eg meiner kraft er ein ressurs som ein bør prøve å halde norsk eigarskap på så langt råd er, iallfall på dei større prosjekta.

Indre Ofredal

UTANLANDSK EIGARSKAP? Indre Ofredal, der det er planar om å byggje ut Ofredalelvi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eitt av prosjekta Sognekraft vil selje er Offerdal kraftverk i heimkommunen til Øren Heen, Årdal. Han ser helst at Sognekraft ser etter andre løysingar enn å selje kraftverket til utlandet.

– Eg tenker at lokale interesser kan gå inn. Årdal Energi er inne på eigarsida med 10 prosent i Offerdal Kraftverk. Dei vil vel få ein forkjøpsrett, men eg håpar Sognekraft går i dialog med dei andre lokale eigarane og inviterer dei inn til utvida eigarskap.

– Kanskje kan grunneigarane vere interesserte i å eige for å sikre at eigarskapen til kraftressursane blir verande nasjonalt og helst lokalt.

– Vatne ut eigarskapen

Hilmar Høl (Ap), også han frå Årdal, seier at planane til Sognekraft om sal til utanlandske interesser sikkert er ei smart løysing, men:

– Eg er skeptisk til å vatne ut den totale eigarskapen for mange år framover.

Men både han og Øren Heen har forståing for at Sognekraft tek i bruk utradisjonelle metodar for å skaffe pengar til kraftutbygging.

– Ja, i aller høgste grad. Eg tykkjer det er flott at dei vil realisere desse prosjekta, men eg håpar dei har ein strategi på å hente inn kapital lokalt, slik at dei sikrar eigarskapen her, seier Aleksander Øren Heen.