Dei er klare for landsfinalen

Elevane frå Eid og Luster var best i fylkesfinalen torsdag og set no kursen for den store landsfinalen i Klassequizen i Oslo.

HØYR HEILE SENDINGA: Vinnarane frå Luster: Tora Bjørhusdal, Vebjørn V. Elvekrok og Johannes Erlend Viken Oppedal, Vinnarane frå Eid: Ingjerd Sundal, Rebekka Halnes og Daniel Navelsaker.

– No føler eg meg som tanta til heile gjengen som har vore med på Klassequizen. Det har vore ei veldig kjekk reise frå aust til vest og nord til sør i Sogn og Fjordane, seier Klassequiz-general Solveig Svarstad.

Skulane Brekke, Vågsøy, Luster og Eid var best i dei innleiande rundane og var torsdag samla på NRK-huset i Førde for fylkesfinale. Etter tre spennande rundar synte det seg at indresogningane frå Luster og eidarane fekk flest poeng.

Eid fekk 14 poeng, Luster 12, Vågsøy 11 og Brekke 10 poeng.

No blir det tur til Oslo, der det blir nye kvalifiseringsrundar. Dei aller beste laga frå Noreg kjem då til den store landsfinalen som blir sendt på TV seinare i vår.

Vil du prøve deg på spørsmåla frå fylkesfinalen?

(Trykk her for å sjå svara)

Kategori: Naturfag

  • Spørsmål 1: Kva er det kjemiske symbolet for gull?
  • Spørsmål 2: Kor mange liter er i ein hektoliter?
  • Spørsmål 3: Kor mange kantar har eit snøfnugg?

Kategori: Underhaldning

  • Spørsmål 1: I fjor haust debuterte artist Tone Damli som programleiar på TV, der deltakarane i programmet sjekka inn på ein villa på Gran Canaria for å finne kjærleiken? Kva er namnet på programmet?
  • Spørsmål 2: Kva heiter søstrene i filmen «Frost»?

Kategori: Samfunn

  • Spørsmål 1: Kva står G’en for i mobilnettet 4G?
  • Spørsmål 2: Kva for ein stat i USA er den einaste som startar med bokstaven p?
  • Spørsmål 3: Kva er landets eldste parti?

Kategori: Lett blanding

  • Spørsmål 1: NSB-konsernet, som køyrer tog og buss her i Norge, skifta namn denne veka. Kva er det nye namnet?
  • Spørsmål 2: Kva slags år vann Magnus Carlsen sjakk-VM for fyrste gong?
  • Spørsmål 3: På kva øy ligg den 3000 meter høge vulkanen Etna?