Hopp til innhold

Her kan det bli snøproduksjon i helga

I løpet av den neste veka kan snøproduksjonen starte ved fleire skisenter i fylket. – Eg håpar vi er i gang i slutten av helga, seier driftsleiar Runar Tørvi ved Sogn skisenter.

Jølster skisenter

KUNSTSNØ: Det meste ligg til rette for at skisentera kan starte produksjonen av kunstsnø. Kjenner dei seg trygge på at kuldeperioden blir lang, og kald nok, startar dei første snøkanonane for sesongen i helga.

Foto: Webkamera / Jølster skisenter

Prognosane til Meteorologisk institutt er godt nytt for dei mange skisentera i fylket.

Spesielt for dei som har utstyr til å starte produksjonen av kunstsnø.

– I fjor opna vi siste helga i november, og det var kjempemessig. Det var tidleg, men får vi opna til desember så er vi nøgde. Då treng vi sjølvsagt ei veke med god kulde, så vi får produsert ein god sole, seier Tørvi ved Sogn Skisenter.

Snøen vil legge seg

Gunnar Livik

KALDT: Statsmeteorolog Gunnar Livik fortel om snøfall i indre strok frå laurdag til natt til søndag.

Foto: Privat

Og det er nettopp ein god kuldeperiode som no er på veg. Statsmeteorolog Gunnar Livik fortel om kalde og fine dagar, i alle fall til og med onsdag. Over 300 høgdemeter kan det også komme opp mot ti centimeter snø dei neste dagane.

Kvikksølvet kan enkelte stader nærme seg ti blå grader i indre strok.

– Søndag ser det ut til å bli kaldt nok til å køyre i gang snøkanonane nesten kvar som helst, utanom på kysten, seier Livik.

Kald start på veka

– Men dei kaldaste dagane blir nok måndag, tysdag og onsdag. Då blir det også klart. Torsdag har det vore veldig mykje fram og tilbake, men det ser ut som om det kjem eit nytt vêromslag torsdag med mildare vêrtype, legg Livik til.

Runar Tørvi

KLARE: Runar Tørvi ved Sogn skisenter håpar å kunne opne skisenteret før desember. – Å starte snøproduksjonen no er ikkje rekordtidleg. Sjølv om det er nokre år sidan, så har vi faktisk produsert snø midt i oktober, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ved Sogn skisenter på Hafslo ventar dei i spenning på kva vêrgudane har å by på dei neste dagane.

– Vi treng fire-fem kuldegrader før vi får skikkeleg effekt av snøproduksjonen, og følgjer nøye med på prognosane, seier Tørvi.

Ventar i Eid

Yr.no fortel om stort sett godt vêr og ned mot seks minusgrader fram til og med neste helg for Harpefossen i Eid.

Snøkanonen går for fullt

SNØPRODUKSJON: Først på tredje forsøket i fjor kom Jølster skisenter skikkeleg i gang med snøproduksjonen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Styreleiar Nils Magne Nedreberg seier dei følgjer spent med på vêrprognosane.

– Til helga håpar vi å bli klare med nokre kanoner som vi har skifta ut, men vi ventar litt og ser. Erfaringsmessig forsvinn snøen som kjem no, så vi startar ikkje snøkanonane før vi ser ein lengre kuldeperiode, seier Nedreberg.

For tidleg i fjor

Even Hole, dagleg leiar Jølster skisenter

VENTAR: Ved Jølster skisenter er Even Hole klar til å trykkje på dei rette knappane for å starte snøproduksjonen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Klare og spente er dei også ved Jølster skisenter på Vassenden. Her er traseen beitepussa og klar for å bli lagt under ein god sole med kunstsnø.

– Men det scenarioet som vi ser no, er det ganske tydeleg at vi må prøve på. Vi har testa, og er klare til å trykkje på knappane som må trykkjast på. Dersom vêret berre spelar på lag, seier Hole.