Hopp til innhold

Flyktningar blir framtidas helsefagarbeidarar

Ei ny satsing i Gloppen kan sikre kommunen nok helsehender i framtida. – Eg er kjempespent på korleis dette går, seier Frode Henden i NAV.

Eden Ghebrey Drar

UTDANNAR SEG: Eden Ghebrey Drar er ein av 11 flyktningar som no får både fag- og språkopplæring i Gloppen. Det har gjeve henne fast stilling i kommunen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

På Sandane blir 11 flyktningar no utdanna som helsefagarbeidarar. Utdanninga er eit prøveprosjekt som NAV, Gloppen kommune og fylkeskommunen står bak.

Eritreiske Biniam Kidane (40) er svært glad for moglegheita som har opna seg.

– Eg likar dette veldig godt. Det er triveleg å jobbe med folk, og eg ynskjer å ta denne utdanninga og få fast jobb, seier han.

Manglar 450 hender

Biniam Kidane

TRIVAST: Biniam Kidane (40) trivast godt i jobben ved Gloppen sjukeheim.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Per dags dato manglar fylket 225 helsefagarbeidarar, og heile 50 av desse er sjukepleiarar. Spesielt er det i primærhelsetenesta, som kommunane har ansvar for, at utfordringane er store.

I Gloppen har dei teke skeia i eigne hender. To dagar i veka siste året, har 11 flyktningar fått både norsk- og helsefagopplæring ved Firda vidaregåande skule. I tillegg til arbeidspraksis.

– Vi såg tidleg at vi hadde mange flyktningar som ynskte å jobbe innan pleie og omsorg, men som ikkje fekk sjansen fordi dei mangla fagkompetansen som kommunen kravde. Då bestemte vi oss for å få til ei fagutdanning, seier NAV-leiar i kommunen, Øyvind Hervik.

– Veldig god løysing

NAV-leiar er overtydd om at alle tener på utdanningsløpet. For med eldrebølgja hengande over oss, vil behovet for helsearbeidarar auke framover. Og då slit Sogn og Fjordane om ein ikkje klarer å rekruttere fleire til omsorgsyrket.

Presseansvarleg Frode Henden hos NAV Sogn og Fjordane er spent på resultatet i Gloppen.

– Eg trur slike modellar også kan vere veldig gode og løyser fleire problem på ein gong. Her gjeld det å vere kreativ og vise seg fram, seier han.

Kan overførast

Litt over 1.000 personar var ved utgangen av juni heilt utan arbeid. Dei fleste av desse var innvandrarar. Manglande norskkunnskap er det største hinderet for at desse kjem seg ut i arbeid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flyktningar tek helsefagarbeidarutdanning

SPLEISELAG: NAV, fylkeskommunen og kommunen samarbeider om utdanninga til flyktningane. Frå venstre: Øyvind Hervik (NAV-leiar i Gloppen), Biniam Kidane (student), Anette Aske Solli (faglærar) og Eden Ghebrey Drar (student).

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Henden håpar spleiselaget på Sandane vil gje avkastning som fleire kan tene på.

– Blir det vellukka, så er eg trygg på at her kan det vere moglegheiter for fleire av flyktningane våre, seier han.

Og blir det vellukka er dette ein modell som kan sikre også andre kommunar framtidas helsearbeidarar, meiner Hervik i Gloppen NAV.

– KS har sett på dette som ein måte å få utdanna fleire helsefagarbeidarar. Eg er ikkje i tvil om at modellen overfor denne gruppa kan overførast til andre kommunar.

Eden fekk fast stilling

Faglærar Anette Aske Solli er imponert over innsatsen flyktningane har lagt ned i utdanninga. Ho har stor tru på at dei vil kunne konkurrere på lik linje med andre i arbeidslivet etter enda utdanning.

– Det er rift om dei faste stillingane i kommunal sektor, og eg trur at det vil styrke deira sjanse til å få fast stilling om dei får seg fagutdanning. Vi ser allereie at mange av elevane våre har fått faste helgestillingar, seier ho.

Ei av dei som har fått fast stilling er Eden Ghebrey Drar. Ho vil bli i Sogn og Fjordane.

– Eg tok eit kurs for to år sidan og liker jobben godt. Eg har fått fast stilling. Det er veldig viktig for meg å få jobbe og bli integrert i det norske samfunnet, seier ho.