Hopp til innhold

Dei er blant dei sterkaste i Norge

GAUPNE (NRK): Dei byrja som utrente i eit gammalt bingolokale. Med rå styrke har dei ofra alt for å bli blant dei sterkaste i landet.

Dei erblant dei sterkaste mennene i Norge

SJÅ VIDEO: Tommy Solheim, Kim Næss, Bjørnar Kvernstuen og Vegill Rebi Kjer er blant dei sterkaste i landet.

– Me blei bitne av basillen for åtte år sidan, og no sit me her med uendeleg mange timar trening og slit bak oss, seier Tommy Solheim.

Saman med Kim Næss, Bjørnar Kvernstuen og Vegill Rebi Kjer trenar han sporten Strongman der dei gjer ekstremt tunge løft.

Bingopower

– Historia vår byrja i eit ungdomshus på Høyheimsvik i Luster. Der var det bingo før i tida, så me kallar det for bingohuset. Det stod tomt, og me laga utstyret sjølve og byrja treninga, fortel Solheim.

Bingohuset

STARTEN: Her i det dei kallar bingohuset begynte mennene å trena saman med fleire andre kompisar.

Foto: Linda Watten / NRK

I dag er bingohuset blitt varemerket deira.

– Då me laga oss ein klubb blei spørsmålet kva me skulle heita. Nokon føreslo Bingopower, og eg tykte det var litt teit, men no er det faktisk kjent over heile landet, seier han og ler.

Ikkje skadefritt

Med ulike vektklassar deltek dei fire mennene på konkurransar med gjeve titlar som Norges sterkaste.

Bjørnar Kvernstuen blei Norges sterkaste i 2013 i 105-kiloklassen, men det har ikkje berre vore ein fryd med all treninga og tittelen.

– Eg har møtt litt motgang, og vore ein del skada i ryggen. Det har sett meg litt tilbake, med god hjelp frå kiropraktor har eg kome meg att. No skal eg til Ukraina og konkurrere, og det blir fyrste gong på fire år etter alle skadane, seier han.

Brannsår

SÅR: Det blir ofte brannsår på armar og skuldrer når dei løftar og spring med ulike vekter.

Foto: Linda Watten / NRK

Sjølv om det er ein sport med mykje skadar har ingen av dei tenkt å gje seg.

– Det er ikkje noko alternativ. Eg brenn for mykje for sporten. Det må nok rullestol til før eg skal gje meg, seier Kvernstuen.

Ofrar mykje

Dei andre er einige.

– I Strongman er det ikkje snakk om dersom ein blir skadd, men når ein blir skadd. Men den meistringskjensla ein får når ein greier måla sine gjer til at ein ikkje vil gje opp, seier Vegill Rebni Kjer.

Han tok nyleg noregsrekord i Markløft vektklasse -80.

– Den gamle rekorden var 266 kilo, og eg løfta 285 kilo.

Sterk

TUNGT: Vegill Rebni Kjer spring over golvet med eit titals kilo på skuldrene.

Foto: Linda Watten / NRK

Men i jakta på stadig nye rekordar er det mykje som må ofrast.

– Det går på kostnad av familie, vener og forhold også, men me håpar familiane våre forstår kva me må gjere for å nå måla våre, seier Solheim. Ein blir aldri nøgd og går etter nye mål heile tida. Her gjer me oss ikkje før me er best, men vegen dit er lang og tung.

– Og når du står der på konkurransen og greier måla dine, då er alt slitet verdt det, avsluttar Kvernstuen.

Strongmen

STERKE: Kim Næss (6.-plass Norges sterkaste 2017), Tommy Solheim (9.-plass Norges sterkaste 2017), Vegill Rebni Kjer (Norgesmeister i markløft klasse -80), og Bjørnar Kvernstuen (Norges sterkaste mann 2013, klasse 105 kilo).

Foto: Linda Watten / NRK