Hopp til innhold

Dei er best i landet

Sundag fekk ein glad Nordfjording og ein minst like glad sogning beskjeden: Du er best i landet! Dei vart nemleg noregsmeistrar under Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Steinkjer sundag.

Britt Pernille Frøholm og Arve Bjørn Røneid

NOREGSMEISTRAR: Sundag vart Britt Pernille Frøholm og Arve Bjørn Røneid noregsmeistrar i fele/hardingfele og

Foto: Mari Skeie Ljones / Eivind Kaasin

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal vart noregsmeister i klassen for fele/hardingfele senior.

– Det er stort. Det er veldig stas. Dette er landsdekkande, så det er ganske hard konkurranse, seier Frøholm til NRK.

Sigeren hennar betyr at Sogn og Fjordane gjekk av med sigeren i hardingfele i begge dei store folkemusikkonkurransane i Noreg i år. I tillegg til Britt Pernille Frøholm sin siger på Landsfestivalen, vann Gro Marie Svidal hardingfele klasse A under Landskappleiken på Geilo tidlegare i sommar.

Får spele i operaen til hausten!

Fordi ho vann, vert Frøholm invitert til å spille på mesterkonserten i Operaen i Oslo 23. november. Der skal eit utval vinnarar frå både Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk spele ein eigen festkonsert. Det ser Frøholm fram til.

– Det har eg ikkje gjort før, så det gler eg meg veldig til. Eg har høyrt at den konserten nesten er utseld allereie, seier 35-åringen, som til dagleg lever av musikken.

– Eg gav akkurat ut ei plate saman med ein trio som heiter Maar, og vi har vore på turne i Noreg, og USA i tre veker.

Landsfestivalen samlar gamaldansinteresserte frå heile landet til tevlingar i dans og spell, og er ein konkurranse i gamaldansformer som til dømes vals, hamborgar, polka, pols og masurka.

Festivalen skal bidra til å ta vare på og styrke gamaldansen det er tradisjon for i kvart distrikt, og deltakarane vert oppfordra til å spele dansbar musikk.

– Det er viktig for å halde ved like tradisjonane. Det er fint å få vise fram litt forskjellige ting frå landet. Veldig mange her er aktive musikarar, og det er veldig kjekt og samlast slik, seier Frøholm.

– Ein gamal travar i miljøet

I tillegg til Frøholm vart også 46 år gamle Arve Bjørn Røneid frå Luster noregsmeister i klassa for Durspel senior, der alle spelte toradarar.

– Det er ei god kjensle når folk set pris på det ein driv med. Eg har forhåpentlegvis treft på danseappellen, det er det eg satsa på.

I motsetnad til Frøholm lever ikkje Røneid av musikken.

– Nei, eg er ein heilt vanleg lærar i barneskulen, men eg brukar song og musikk til dagleg i skulen. Eg forsøker ikkje å presse toradaren på ungane, altså, dei får finne ut kva dei likar sjølv, ler Røneid.

Han har vore med rundt 20 gonger på Landsfestivalen, som har vorte arrangert sidan 1986. Dette er første gong han vinn.

– Eg er ein gamal travar her. Så dette er ein spesiell dag. Mange av mine konkurrentar har sagt at det var fortent. Her er vi vener, og ikkje bitre konkurrentar, seier han.

I tillegg til Noregsmeistrane kom Irene Hestvik og Leon Årdal frå Jostedal spel og dansarlag på 3. plass i klassen for pardans senior. Danselaget Lystringen gjorde det også godt. Dei vann sin klasse i lagdans senior.