Før fekk mora kome opp or senga kvar føremiddag og ettermiddag. Men i februar vart talet kveldsvakter redusert frå fire til tre. Det har ført til at mor til Marit Rognebakke og mange andre eldre berre får stå opp annankvar ettermiddag. No må Rognebakke sjølv ta ansvaret for at mora får kome opp kvar ettermiddag.
Ordførar Jan Herstad
Må kutte to millionar til
Naustdal har i lang tid hatt ein vanskeleg kommuneøkonomi. Sunnfjordkommunen slit med eit underskot på 22 millionar kroner og er underlagt tilsyn av Fylkesmannen. Ordførar i Naustdal, Jan Herstad, kan ikkje love at alders- og sjukeheimen får tilbake kveldsvakta. - Vi er nøydd å redusere budsjettet i pleie- og omsorgssektoren med ytterlegare to millionar, seier han.