NRK Meny
Normal

Dei drog inn nesten 10 millionar under Landsskyttarstemnet

I ei veke har Førde vore fylt til randa i høve Landsskyttarstemnet. Det har handelsstanden drege nytte av.

Gutta på coop Førde

TRAVELT: Det har vore travelt for dei tilsette på Coop-butikken som ligg rett ved den eine skyttarcampen. Frå venstre, Rune Øksenberg, Ørjan Alme og Per Otto Huseklepp, butikksjefar for Coop sine avdelingar for bygg, mat og cafè.

Foto: Rune Øksenberg

– Det har gått i eitt. Vi har hatt folk her frå klokka sju om morgonen til klokka 23 på kvelden, seier butikksjef Ørjan Alme ved Coop Extra i Førde.

Butikken er nesten næraste nabo til ein av campingplassane der det har vore skyttarcamp under Landsskyttarstemnet. Det har hjelpt godt på omsetnaden.

Enorm auke

– Vi har hatt ei 50 prosent auke frå same veke i fjor, seier Alme.

Han fortel at dei har tent inn om lag 9 millionar i dagane då skyttarar frå heile landet var i Førde. Ei vanleg veke omset dei for om lag 3,5 millionar kroner.

– Folk kjøper alt mogleg. Det har gått veldig mykje byggevarer, og folk har kjøpt mykje grillmat trass i at det ikkje har vore grillvêr akkurat, seier han.

Coop har også ein kafé som har hatt eventyrlege tal denne veka ifølge Alme.

– I kafeen har vi vel dobla tala trur eg. Dei har jo hatt telt utanfor som har vore heilt fullt kvar dag, seier Alme.

Tredobla brødsalet

Også Naustdal Dampbakeri har nytt godt av dei mange besøkande.

– Vi har dobla, og enkelte dagar også tredobla salstala på brød ved utsalsstadene våre, seier Anne Sofie Berntsen.

Anne Sofie Berentsen

GODE TAL: Anne Sofie Berntsen hos Naustdal Dampbakeri fortel om mykje trafikk og gode tal under landsskyttarstemnet.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Brøda sel dei ved dei tre kafeane sine i Førde, og også ved daglegvarebutikkar i byen.

– Eg har ikkje oversikta over tala i butikkane, men eg vil tru det er ei god auke i brødsalet der også, seier Berntsen.

Veldig vellukka

Christian Rekkedal som er leiar av hovudstyret til Landsskyttarstemnet 2017 er ikkje overraska over dei gode resultata.

– Det er klart at når 10–12 tusen menneske kjem innom byen på ei veke, vil det få positive ringverknader for handelsstanden, seier han.

Når roa har senka seg på skyttarstadion, ser Rekkedal tilbake på eit vellukka arrangement i Kråkenesmarka.

Christian Rekkedal

NØGD: Leiar av hovudstyret til Landsskyttarstemnet 2017, Christian Rekkedal har fått mange gode tilbakemeldingar på arrangementet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Presidenten i Det frivillige Skyttarvesen avslutta stemnet med å seie at det hadde vore eit veldig vellukka arrangement, seier Rekkedal.

Dagen etter det heile er over er han svært nøgd med korleis alt har gått, både sportsleg og sosialt.

– Inntrykket vi sit med er at folk er veldig nøgde. Eg er spesielt imponert over dugnadsjobben som er gjort av alle skyttarlaga. Dei har gjort ein veldig god jobb. Det same seier publikum, seier Rekkedal.

Han seier det har vore veldig mange folk på stadion, og at trass i regnvêr og gjørmete skyttarcampar har folk vore i godt humør, og hatt ei fin oppleving under årets stemne.

Landskyttarstemne 2017

REGN: Sjølv om det regna var det mange som kom for å få med seg det som skjedde på skytestadion.

Foto: Thomas / Brakstad

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.