NRK Meny
Normal

Dei deler ut milliardar til kultur

FØRDE (NRK): Dei 30 norske sparebankstiftingane deler kvart år ut over ein milliard kroner til kultur, idrett og andre føremål. Men evalueringa av kva pengane blir brukt på er altfor dårleg, meiner professor.

Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga

MAKT OG PENGAR: Sidan oppstarten i 2011 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane delt ut 90 millionar kroner til kultur, idrett og anna allmennyttig arbeid, fortel Pål Fidjestøl, fungerande dagleg leiar i sparebankstiftinga.

Foto: Johan Moen / NRK

– Forholda ligg godt til rette for at vi kan gje endå større pengegåver i åra som kjem, seier Pål Fidjestøl, fungerande dagleg leiar for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Frå det lyse og rommelege kontoret i toppetasjen på sparebankbygget i Førde, fortel han at dei sidan oppstarten i 2011 har gitt 90 millionar kroner til kultur og anna frivillig arbeid i fylket.

I fjor gav dei ut 20 millionar. På landsplan delte sparebankstiftingane ut over ein milliard kroner i fjor.

– Vi skal gje til allmennyttige tiltak som kjem lokalsamfunn til gode, seier han.

Fidjestøl fortel at dei kvart år gjev ut mellom 250 og 300 gåver i Sogn og Fjordane og at den største pengegåva til no er på tre millionar kroner.

Øyvind Hellenes

VIKTIG: Den økonomiske støtta frå sparebankstiftinga har vore heilt avgjerande for å få Skaparhuset på plass, seier Øyvind Hellenes.

Foto: Bård Siem / NRK

Pengar til skaparhus

Ein av dei som har fått midlar er Øyvind Hellenes, mannen bak Skaparhuset i Førde. Dette er ein fellesverkstad der folk kan kome og lage ting, lære om ny teknologi og treffe likesinna. Skaparhuset har fått tre millionar kroner frå sparebankstiftinga.

– Skaparhuset er ein type prosjekt som er bra for nærmiljøet, men som du ikkje får stor avkasting på. Utan den økonomiske hjelpa frå sparebankstiftinga er det usikkert om Skaparhuset i det heile hadde vorte noko av, seier Hellenes.

Den første sparebankstiftinga vart oppretta i 2003. Etter kvart som bankar har slått seg saman er det no over 30 sparebankstiftingar.

Det er varsla at endå fleire er på veg og at endå større summar vil bli gitt ut i åra som kjem. Sparebankane er eigde av folket og bankane er forplikta til å gje noko tilbake når dei tener gode pengar. Difor gir sparebankstiftingane ut gåver.

Laster Highcharts-innhold

Etterlyser betre evaluering

Professor ved Handelshøgskulen BI i Bergen, Caroline Dale Ditlev-Simonsen, påpeikar at stiftingane har vorte ein maktfaktor i samfunnet.

Caroline Dale Ditlev-Simonsen

MANGELFULLT: Sparebankstiftingane burde hatt ei langt betre evaluering av om pengegåvene verkar etter intensjonane, seier professor Caroline Dale Ditlev-Simonsen.

– Det er kjempeflott at stiftingar støttar kultur, idrett og andre gode føremål. Samtidig er det ikkje sikkert at all støtte fungerer etter intensjonane. Per i dag er evalueringa av stiftingane si gåveutdeling altfor dårleg, seier ho.

Kulturforskar ved Høgskulen på Vestlandet, Georg Arnestad, meiner pengegåvene frå sparebankstiftingane så langt har vore eit viktig supplement til dei offentlege kulturmidlane og til det marknaden kan finansiere.

– Men dersom det blir stadig fleire stiftingar og kapitalbasen aukar, er det ein fare for at innverknaden deira kan få uheldige konsekvensar. Det kan bli ei vriding av støtta til prestisjefylte føremål, prosjekt som det offentlege ikkje ser nytta av, seier han.

Tilbake i toppetasjen i sparebankbygget i Førde er ikkje Pål Fidjestøl uroa over at han har for mykje makt.

– Nei, eg deler ikkje ut ei einaste krone. Det er styret i stiftinga som tek avgjerdene og vi har fleire komitear som vi rådfører oss med, seier han.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote