Hopp til innhold

Dei brukar arbeidsdagen på å pirke i hjortehjernar

Hjortehovud, gørr og hjernar er arbeidskvardagen til Mattilsynet under årets jakt.

Prøvetaking for skrantesjuka

STOR JOBB: Mange hjortehjernar skal pirkast i denne hausten. Målet er å kartlegge spreiinga av sjukdomen i Noreg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det har blitt oppdaga fire tilfelle av den dødelege skrantesjuka (CWD) på hjortedyr sidan våren 2016. To av tilfella var på villrein i Lærdal.

Det har gitt Mattilsynet ein stor jobb. Målet deira er å teste 15000 hjortedyr i løpet av hausten.

I Florø har dei har teke prøvar frå over 70 hjortehovud sidan jakta starta 1. september.

– Til no er alle prøvane negative for skrantesjuke, heldigvis, seier seniorinspektør i Mattilsynet, Rune Myklatun.

– Det er ein svært stygg dyresjukdom

Når jegerar i Florø-området skyt hjort under årets jakt, må hovudet til dyret bli med heim i sekken.

Det hamnar på Mattilsynet sitt undersøkingsbord.

Der har Rune Myklatun og Wenche Mykkelgård jobben med å ta ut ein liten bit av kvar hjerne, og sende til Veterinærinstituttet i Oslo.

– Det har vore ei hektisk veke, med mange prøvar som er sendt inn, fortel Myklatun.

Sjukdommen er svært farleg for hjortedyr, fortel han.

– Det er ein hjernesjukdom som er svært dødeleg. Det er tilsvarande som kugalskap for storfe, eller skrapesjuke for sau. Men denne kan ikkje smitte folk, det er viktig å understreke.

Prøvetaking for skrantesjuka
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Takkar jegerane for hjelp

– Det er første gong denne sjukdommen er funne i Noreg. Og første gong utanfor Nord-Amerika. Så det er veldig spesielt, fortel Myklatun.

Jegerane sjølv kan hjelpe til på fleire måtar, fortel han.

– Dei kan melde frå om sjuke dyr når dei er på tur, eventuelt felle sjuke dyr sjølv. Når dei slaktar kan dei prøve å vere hygieniske, og gjerne steine ned det dei forlèt, oppmodar Myklatun.

Innsatsen til jegerane så langt har vore svært viktig, fortel han.

Det er enno for tidleg seie om den omfattande prøvetakinga berre vil halde på i år, eller om det også vil bli nødvendig i åra framover.

Det kjem an på kva undersøkingane rundt om i landet syner i år, fortel Rune Myklatun.

– Men eg blir ikkje sjokkert om vi finn fleire positive prøver i år.

Her kan du lese meir om skrantesjuka: