Hopp til innhold

Sjølvskadarar opplever at helsevesenet ikkje tek dei på alvor

Ungdomar med psykiske problem som skadar seg sjølv har vanskar med å bli tekne alvorleg i helsevesenet.

Sjølvskading

SET ARR PÅ SEG SJØLV: Helsevesenet må bli flinkare til å sjå kva som ligg bak sjølvskadinga, det meiner fleire som har jobba nært med sjølvskadarar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sjølvskading er ofte eit symptom på eit anna og djupare problem. Men det tek ikkje alltid helsevesenet omsyn til.

Psykolog Arnhild Lauveng har sjølv stått fram og vore open om si fortid. Ei fortid der sjølvskadinga var ein stor del av livet hennar. Ho møter ofte unge sjølvskadarar på nært hald, og kjenner til mange vonde opplevingar når dei søkjer hjelp.

– Det er ikkje mange vekene sidan eg høyrte ei veldig negativ historie. Om nokon som hadde oppsøkt legevakta og blitt sydd utan bedøving, seier Lauveng og forklarar vidare om tankegangen til enkelte behandlarar.

– Når du ikkje har bedøving når du skadar deg, så treng du det ikkje når du syr.

Ti prosent har prøvd

Sjølvskading blant unge jenter er eit veksande problem. Så mange som 10 prosent av alle unge jenter kan ha skada seg sjølv ein eller fleire gonger.

24-år gamle «Maria» frå Førde har gjort det sidan ho var 15 år. Kroppen ber tydelege spor og det er ikkje enkelt for den unge kvinna å vise fram armane sine.

Mellom olbogane og handledda er det meir arrvev enn urørt hud. Nokre arr er gamle og kvite, andre er raude og ferske.

Slepp unna dei vonde følelsane

Sjølvskadinga er «Maria» sin måte å sleppe unna dei vonde følelsane.

– Slik det har vore den siste tida no så brukar eg sjølvskadinga for å slutte å grine. Det er vel eigentleg det første eg tenkjer på når deg står opp og heile dagen går ut på å unngå å skade meg.

– Men det ender som oftast med at eg må gjere det. Følelsane er så intense og det handlar eigentleg om sjølvskading heile døgnet, seier «Maria».

Når ho set arr på armane sine kjenner ho at ho lever.

– Det kan vel eigentleg forklarast som eit press, eit trykk som kjem frå innsida, med mange av dei følelsane eg ikkje har ord på. Eg føler at dei slepp ut når eg skadar meg. Eg vert letta innvendig, fokuserer på det eg gjer og får litt avstand.

24-åringen slit psykisk og har hatt ein tøff oppvekst. Sjølv seier ho at sjølvskading truleg alltid vil vere ein del av ho. Du kan lese meir om «Maria» si historie ved å trykke deg vidare på lenka under.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjølvskading

VIL SLUTTE: Ho vil gjerne bryte sirkelen og klare å slutte med sjølvskadinga og leve eit normalt vaksenliv. Men korleis, det veit ho ikkje.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ikkje alle som skal hjelpe er like flinke

Går det for langt pleier «Maria» å stifte seg sjølv saman. Nyttar ikkje det, må ho på legevakta. Den unge kvinna fortel at ho enkelte gonger ikkje kjenner seg velkommen der.

– Det har vore veldig ulikt. Nokon er veldig, veldig flinke. Særleg mange yngre, fordi dei kanskje har hatt om dette på legestudiet. Dei eldre blir meir slik at «du tek opp plass» og «er du her no att».

– Fleire treng meir opplæring

Psykolog Arnhild Lauveng har også sine arr – men dei er eldre. Mykje har blitt betre sidan 2005, då gav ho ut boka "I morgen er jeg alltid en løve" som sette ord på det mange sjølvskadarar føler. Også om møta med helsevesenet.

Psykologen skulle gjerne sett at ting var annleis.

– Eg trur at det har blitt betre nokre plassar, men eg trur enkeltstader og enkeltlegar treng meir opplæring, seier Lauveng til NRK.no.

Veksande problem

På Nasjonalt senter for selvmordsforskning og førebygging i Oslo leiar professor Lars Mehlum eit omfattande, nytt forskingsprosjekt knytt til sjølvskading. Som ein av landets fremste ekspertar på området, ser han ein klar samanheng mellom det genetiske grunnlaget og miljøet kring oss.

– Det vi veit er at det ofte handlar om eit samspel mellom sårbarheit som vi har med oss frå fødselen og miljøpåverknad. Det som skjer i ein familiesituasjon eller i nærmiljøet fører til at ungdomen vil få problem med å regulere følelsane sine, seier Mehlum.

– Problemet er å klare å halde seg fast i si eiga gode sjølvkjensle. Risikoen er då at det kan føre til risikoåtferd som sjølvskading, eteforstyrringar eller rusbruk. I staden for å bruke sunne mekanismar, så bruker ein desse til å regulere følelsane, slår professoren fast.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Må gjere meir enn å sy

Mehlum seier det ikkje er nok at helsevesenet syr, stiftar og stoppar blødingar. For sjølvskading er eit symptom – eit utløp for ein tilstand den som skadar seg ikkje klarar å handtere.

– Vi må sjå på kva dette handlar om. Sjå på korleis vi kan forstår det og korleis vi kan planlegge ei behandling som forsterkar andre typar meistringsmåtar, seier Mehlum.

Han meiner det er svært viktig at det blir sett fokus på korleis ungdomen kan forsterke seg sjølve på andre måtar enn å skade seg sjølv.

– Vi må og lære dei andre måtar å regulere kjenslene sine på og korleis dei skal klare seg i ei krise, seier professoren.

Skulle ønske folk forstod meir om det som låg bak

Arnhild Lauveng

MEIR KUNNSKAP: Psykolog Arnhild Lauveng meiner både utdanningsinstitusjoanr og det offentlege må ta ansvar for å informere meir om kva som ligg bak sjølvskadinga.

Foto: Annar Berg

Lauveng meiner det er viktig at både dei som jobbar tett opp mot sjølvskadarar, men også folk flest, forstår meir om kvifor unge jenter gjer dette.

– Eg kan forstå at dersom du sit på legevakta og det er mange ulukker og skader, så kan det verke provoserande å sjå nokon som har skada seg sjølv.

– Men då tenkjer ein ikkje at dette er siste ledd, at dei som har skadar seg sjølv har ei lang historie der dei har blitt krenka og skada, både fysisk og psykisk i mange år.

Lauveng meiner både utdanningsinstitusjonar og det offentlege har ansvar for å informere meir om kva som ligg bak.

– Ja, du som sjølvskader gjer det siste sjølv. Men alt som skjer forut er nødvendigvis ikkje di skuld.