Hopp til innhold

Her er dei beste påsketurane i fylket

Påska er her og då høyrer også ein skikkeleg skitur med. Eller kanskje ein tur til fots? Det viktigaste er at ein kjem seg ut, meiner turlagsleiaren.

Syskarnipa

SYSKARNIPA: Herleg nedkøyring frå Syskarnipa i Jølster. Ein fin påsketur i år, seier turlagsleiaren.

Foto: Odd Haugsbakk / Sogn og Fjordane Turlag

– Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, seier leiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask.

Sein påske og manglande snø fleire plassar i fylket er ingen grunn til fortviling. Årets påsketur kan like godt fine stad utan ski på beina.

– Palmehelga har jo vore ganske frisk vêrmessig, men likevel er det råd å finne flotte turmål, meiner Ask.

Han seier det er viktig å finne dei turane ein kan gå anten det er sol eller litt mindre sikt og nedbør.

– Det å vere ute er ein god måte å bruke påskedagane på, seier han.

Kyst og utsikt

– Kysten byr på mange fine turmål. Dei fleste plassane er det bart og det vert difor utan ski. Her kan ein blant anna finne mange fine utkikkspunkt.

Skongsnes fyr er ein slik plass. Her er det storslått og spennande utsikt over Stadhavet, fortel Ask. Her er det opa hytta 2. påskedag legg han til.

Om du trekk litt lenger inn i landet kan Nipebu mellom Førdefjorden og Dalsfjorden by på fin fottur, fortel han.

Aks fortel at kajakksesongen også allereie er i gong, og ein tur i kajakk kan også vere eit alternativ til skipåska. Dette kan vere fint i områder rundt Florø, Bremanger, Solund og Gulen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Råkeneset turlagshytte, Kajakk

PADLEPÅSKE: Biletet er frå Solund i nærleiken av Råkeneset turlagshytte.

Foto: Marino Ask / Sogn og Fjordane Turlag

Med ski på beina

Skitur, turlaget
Foto: Marino Ask

Moglegheitene for ski er også mange.

– Nærmar du deg Jostedalsbreen og Jølster og Førde, så er det fleire turar ein kan gå og gjerne med toppturski eller med vanlege fjellski, så kan ein ta seg til topps, seier Ask.

Kvitsvornipa og Syskarnipa i Jølster er fine turar.

Grovabreen blant anna karakteriserer han som eit veldig spennande turmål. Her kjem du deg vel 1600 meter over Sunnfjord med fantastisk utsikt innover Jostedalsbreen og vestover i Sunnfjord.

Indre Sunnfjord turlag arrangerer til dømes tur til Grovabreen på skjærtorsdag.

– Elles har Indre Sogn veldig gode snøforhold. Eg var sjølv på ski i går. Kjem du over 1000 meter, så er det tørr snø mange plassar, seier han.

Ask anbefaler både Sogndalsdalen, Jostedalen Lærdalsfjella og Årdalsfjella for å finne flotte skiturmål.

(Artikkelen held fram under biletet)

Turlaget på Kvitsvornipa

KVITSVORNIPA: Topptur i Jølster.

Foto: Odd Haugsbakk / Sogn og Fjordane Turlag

På hyttetur

Turlagshyttene kan også vere fine mål for påskeferierande turfolk. I alt 42 slike hytter er å finne i fylket.

Vigdalsstølen i Jostedalen, Fivla eller Navarsete i Luster eller Grøssete i Sogndalsdalen er alle flotte skiturhytter.

– Så om ein legg ut på tur på ettermiddagen er desse hyttene fine. Då ligg det an til ein ny tur dagen etter, seier Ask.

På Skogadalsbøen vert det blant anna servert tre rettars middag etter skituren, og er eit veldig fint turmål ifølgje turlagsleiaren.

Godt utstyrt

Marino Ask

UT PÅ TUR: Turlagsleiar Marino Ask meiner det er viktig å kome seg ut i påska.

Foto: Marino Ask

Legg ein ut på tur er det viktig å ta førehandsreglar uansett om det er lange eller korte turar.

– Det er viktig å vere godt utstyrt, ha gode klede og tenkje tre lag. I tillegg er gode sko viktig. Og skal du i vinterfjellet må du vere utstyrt med klesbytte. Kart og kompass kan også vere lurt å ha i sekken om ein går på lengre turar, forklarar Ask.

Av anna utstyr kan også spade og søkestong vere aktuelt å ha i sekken i lag med varm drikke og niste.

– Då vert det ein triveleg tur.

Smurning og feller

Turlagsleiaren er også oppteken av å beskytte seg mot påskesola om ein skulle vere så heldig å ha besøk av den.

– Eg pleier å smørje tjukt på, med høg faktor. Erfaringsmessig blir ein litt brun da, i alle fall ikkje raud. Det er tipset mitt, seier han.

På skia til Ask er det heller lite smurning, men han festar på feller i staden.

– Eg må innrømme at eg har gått over til breie telemarksski. Dei passar veldig godt til våre fjell. Ofte går vi rett opp for så å sigle ned att. Det er noko av det artigaste eg driv med, fortel Ask.

Turlagsleiaren håpar på ei påske med skitur i sogndalsområdet eller i Jostedalen. I tillegg blir det ein tur til kysten og Askvoll for å padle i kajakk.