NRK Meny
Normal

Dei avviser alle protestar mot fylkesreformen

Fylkespolitikarar landet rundt har protestert mot regionreforma til Venstre, KrF og regjeringa. No slår regjeringspartia og støttepartia fast at protestane er nyttelause.

André Skjelstad, Helge André Njåstad og Jan Tore Sanner sitter ved siden av hverandre

LOVAR SAMANSLÅING: André Skjelstad (V), Helge André Njåstad (Frp) og Jan Tore Sanner (H) står samla om å kutte kraftig i talet på fylke.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– I løpet av våren kjem Stortinget til å foreslå 10 eller 11 fylke som skal erstatte dagens 19. Vi er snart ferdige med det, seier Venstre sin representant i kommunalkomiteen Andre Skjelstad.

Det begynner å bli ei stund sidan regjeringa og samarbeidspartia deira vart samde om å kutte i talet på fylke. Dei håpte likevel i det lengste at det skulle skje ved at fylka frivillig slo seg saman.

Slik har det ikkje gått, og så langt er det nesten berre Hordaland og Sogn og Fjordane som har avtalt ei samanslåing.

Og dei har til og med fleire atterhald.

– Vi vil berre slå oss saman dersom Stortinget tilfører fylka fleire oppgåver enn i dag, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.

Og Andre Skjelstad og Venstre har prøvd så godt dei kan med å få det til.

– Vi skulle gjerne fått på plass fleire oppgåver, men vi har peikt på mellom anna kulturminneforvaltning, vegplanlegging og landbruk som felt dei nye fylka kan ta hand om.

– Det er ikkje nok, vi må ha noko meir og noko tyngre, svarar Følling til det.

Jenny Følling i korridorane på Sunnfjord Hotell

IKKJE NØGD: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling er ikkje nøgd med dei oppgåvene som har vorte peika på av Stortinget so langt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Stortinget har uansett siste ordet

Fleire har hevda at denne konflikten kan føre til at heile regionreforma raknar, men no avfeiar Skjelstad det.

– Det er ingenting som kjem til å rakne. Det kjem til å bli gjennomført ei regionreform i Stortinget, og så vil vi setje ned eit ekspertutval etter kvart som skal sjå på om vi kan få tilført dei nye fylka endå fleire oppgåver, seier Skjelstad.

Det tykkjer fylkesordføraren i Sogn og Fjordane er feil måte å gjere det på.

– Vi hadde heller sett at dei kom med oppgåvene før dei slo i hop fylka. Om Stortinget ikkje peikar på fleire nye oppgåver enn dei har gjort så langt, er ikkje den avtalen som Hordaland og Sogn og Fjordane har inngått gjeldande.

Det treng likevel ikkje ha så mykje å seie, då det uansett er Stortinget som har det siste ordet når det kjem til kor mange fylke vi skal ha her i landet.

Vil ikkje ha eit einaste fylke

Litt av grunnen til at det har vore så krevjande for samarbeidspartia å få regjeringa med på fleire nye oppgåver til dei nye fylka, kan vere at Høgre og Frp eigentleg ikkje ser poenget med å ha fylke i det heile.

– Vi hadde helst sett at vi klarte oss med berre stat og kommune i dette landet, seier leiaren for kommunalkomiteen på Stortinget Helge Andre Njåstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå