Hopp til innhold

Desse to inviterer til den første teaterfestivalen i Sogn og Fjordane - i Fjaler

Den aller første teaterfestivalen i Sogn og Fjordane startar i Fjaler i morgon og varer til måndag.

Ingeborg Tysnes (t.v.) og Miriam Prestøy Lie

YNSKJER VELKOMEN TIL TEATERFESTIVAL: Ingeborg Tysnes (t.v.) og Miriam Prestøy Lie.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I spissen for festivalen står regissør og produsent Miriam Prestøy Lie og kultursjefen i Fjaler, Ingeborg Tysse. Dei gler seg til det som skal skje i Dale desse dagane, seier Miriam.

– Det er veldig, veldig kjekt. No er vi der, det er ein idé vi har hatt ei god stund, plutseleg er det verkeleg, og vi gler oss veldig.

Ingeborg Tysnes fortel at det i alt blir sju førestillingar på festivalen i Fjaler med i alt over 30 involverte.

– Det begynte med fire, men det har balla på seg, og sju førestillingar er ein skikkeleg festival, synest vi.

Ho seier at det ikkje er heilt tilfeldig at det er akkurat i Fjaler fylket får sin første teaterfestival.

– Fjaler har satsa på kultur lenge, det er ein av dei få kommunane som framleis har kultursjef. Og så flytta Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie hit. Torkil hadde ein fin oppvekst i Dale, og han hadde lyst til at hans ungar skulle oppleve den kulturen.

Teaterfestival - plakat

PERIFERE FORTELJINGAR: Utsnitt av festivalplakaten.

Frå Finnmark og Jerusalem

Temaet for festivalen er «Perifere forteljingar».

– Vi har invitert sju førestillingar som alle har ei rot i røyndommen. Vi har førestillingar frå Finnmark, frå Nord-Sverige, frå Jerusalem, frå Lindås ved Bergen og frå Sogn. Her er det noko for absolutt alle.

Rett nok er det ikkje barneførestillingar, men mange av historiene tek utgangspunkt i oppvekst. Og det ligg mykje arbeid bak festivalen, fortel Miriam Prestøy Lie.

– Vi i den harde kjernen har halde på ei stund, mellom anna med å finne lokale. Vi har ikkje noko teater i Dale, så vi brukar alle tilgjengelege rom. Vi har heller ikkje hotell, så vi har gått til private heimar og bede dei ta imot kunstnarane.

–Bygda stiller opp

Og akkurat det har gått over all forventning. I det heile har Fjaler-samfunnet stilt opp.

– Bygda har vore heilt fantastisk. Vi har folk som har snikra barnesenger, andre bakar og bryggjer og er med, det er veldig gøy, seier Miriam Prestøy Lie.

No er ho litt spent på korleis vêret blir dei komande dagane.

– Vi har hatt fantastisk vêr i det siste. Vi skal ut og hente blåskjel saman med dei som kjem, søndag kveld skal vi ha bål og trekkspel, så eg har lyst til at dette vêret skal halde seg, sjølv om det er mørkeblå skyer på veg. Men dersom eg ikkje tenkjer på det så seier magekjensla mi at dette kjem til å bli heilt fantastisk.