Dei ansvarlege etter Terra sit godt

Tre år etter Norges største finanskandale sit dei fleste av personane bak framleis i leiande stillingar i kommunane og finansbransjen.

Konsernsjef i Terra-Gruppen, Ola Sundt Ravnestad

Det er tre år sidan Terra-skandalen som øydela kommuneøkonomien til fleire kommunar. Fleire av dei som stod bak har skaffa seg nye, gode jobbar. Her er Ola Sundt Ravnestad, tidlegare leiar i Terra.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

- Eg synest det er urimeleg at dei skal gå klar, seier ein mann i sentrum av Bremanger.

Mister ikkje jobben

Tor Kristian Gulhaugen

Tidlegare rådmann i Bremanger Tor Kristian Gulhaugen

Foto: NRK
Terra Securities

Det var for godt til å vere sant Terra Securities

Foto: Scanpix
Terra-ordførere i møte med kommunalministeren 12.februar 2008.

Terra-ordførarar i møte med kommunalministeren 12.februar 2008

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX
Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

Foto: Ottar Starheim / NRK
Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Knut Anders Opstad, tidligere Terra

Knut Anders Opstad, tidligere Terrameklar

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX
Terra-meglerene Knut Anders Opstad og Harald Nordberg sammen med sine advokater

Terra-meglerene Knut Anders Opstad og Harald Nordberg saman med advokatane sine

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX
Konsernsjef i Terra-gruppen Ola Sundt Ravnestad

Konsernsjef i Terra-gruppen Ola Sundt Ravnestad

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX
Asgeir Almås

Asgeir Almås stiller til gjenval trass i at han var med på å gje kommunen Terra-gjeld

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX
Terra melder oppbud

Det måtte komme, Terra melder oppbud på ein pressekonferanse

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX
Terras årsregnskap

Terras årsregnskap

Tidliere Terra-megler Harald Nordberg advokat Ian W. Kenworthy

Tidliere Terra-megler Harald Nordberg advokat Ian W. Kenworthy

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Innbyggarar i Bremanger ser bort på rådhuset og ristar oppgitt på hovudet. Der er framleis kommunetoppane som fekk kommunen inn i Terra-skandalen på løningslista.

For inne i rådhuset sit ein godt betalt telefonvakt. Tidlegare rådmann Tor Kristian Gulhaugen gambla på vegne av kommunen for over ein milliard kroner. No er han i resepsjonen som kommunen sitt ansikt utad, i deltidstilling. Men med rådmannsløn.

Han vil ikkje kommentere saka, men folk kan ikkje forstå kvifor ikkje skandalen har fått følgjer i kommunen som tapte 234 millionar kroner.

Berre to måtte gå

- Dei burde gå. Dei har rota det til, seier ein på gata i Bremanger.

- Dei burde vore straffa heile gjengen, seier ein annan.

Tre år etter Terra-skandalen er halvparten av vel 20 kommunetoppar framleis i kommunane. Berre i Rana fekk rådmann og økonomisjefen mistillit og måtte gå.

Også Terra-toppane er i gang att i finansbransjen. Ola Sundt Ravnestad som var konsernsjef i Terra er no leiar for strategi og forretningsutvikling i Warren Bank. Meklar Knut Anders Opstad er konsulent i Bearing point.

Ingen vil snakke

Meklar Harald Norberg er blitt sjef i Lillestrømbanken Kapitalforvaltning. Svein Erik Nordang, som var sjef i Terra Securities, er dagleg leiar i selskapet Collier Asset Management. Ingen av dei ynskjer å uttale seg til NRK.

- Det må vere som ein raud klut for innbyggjarane i desse kommunane, seier professor i økonomi på Norges Handelshøgskule, Thore Johnsen.

Men han er ikkje overraska over at meklarane er tilbake i jobb. Han reagerer derimot spesielt på at dei kommunalt tilsette får behalde jobben.

- Det er heilt uforståeleg. At dei som har vore så uforsvarlege kan gå vidare som om ingenting har skjedd er uhøyrt, meiner han.

Kan ikkje straffast for evig

Men Johnsen meiner også at det må vere rom for meklarar og direktørar å kome tilbake i bransjen.

- Desse personane tapte jo på Terra-konkursen. Dei hadde eigarskap og dei mista ein jobb. Vi kan jo ikkje straffe dei til evig tid.

Vil rydde opp

I Bremanger forklarar ordførar Kåre Olav Svarstad kvifor han vart sitjande.

- Eg kunne gjort det enkelt for meg sjølv og flytta til ein annan kommune. Men det er eit ansvar å vere med å rydde opp, seier ordføraren.

Han meiner det ikkje har vore naturleg å gi rådmann og økonomisjef mistillit.

- Vi er inne i mange rettslege prosessar no. Der er deira kunnskap er viktig å ha med. Hadde vi sagt dei opp hadde dei kanskje ikkje vore dei medspelarane kommunen treng.

Stiller til attval

Svarstad går av som ordførar etter valget neste år, men det gjer ikkje Asgeir Almås i Hattfjelldal i Nordland. Han stiller til attval trass i at kommunen tapte 150 millionar på Terra medan han var ordførar.

- Eg har sagt det heile tida, og seier det enno; Her vart vi rundlurt. Eg vil bidra til å rydde opp, seier Almås.

I Bremanger er frustrasjonen stor, framleis dukkar det opp nye tap i kjølvatnet av skandalen. Tre år etter Terra-skandalen har personane bak fått fart på karrierane sine igjen

- Slik som det er i dag lurer folk på korleis det kan forsvinne fleire hundre tusen kroner utan at det får konsekvensar, seier ein mann NRK snakka med i bygda.

Tilsynet har ikkje gitt godkjenningar

Kommunikasjonsdirektør Kjetil Karsrud i Finanstilsynet opplyser at ingen av dei involverte i Terra-saka seinare har fått godkjenning til å ha leiande posisjonar i finanssektoren slik lova definerer dette.

Av omsyn til teieplikta kan han ikkje gå i detalj om kven dette gjeld.
LES OGSÅ: Rådmann: – Hadde truleg ikkje tatt jobben hadde eg visst dette