Flåmsbana skal fornyast med spesialdesigna togvogner

Dei grøne, velkjende vognene har frakta millionar av passasjerar mellom Flåm og Myrdal stasjon, men no har dei gjort sitt. Nye, spesialdesigna vogner til fleire hundre millionar kroner er under planlegging.

Flåmsbana - Flåm stasjon

PÅ VEG UT: Innan to til tre år er dei velkjente grøne vognene bytta ut med nye, moderne togvogner på Flåmsbana.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Å gå inn i ei av dei grøne togvognene på Flåmsbana er som å eit godt steg tilbake i tid, medan turistane går frå vindu til vindu for å fotografere fossefall og bratte fjellsider.

– Det kjem til å bli lagt vekt på den suksessen som dagens vogner har hatt og at vi lever av at kundane ser naturen dei køyrer gjennom, seier dagleg leiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling.

Sidan 1998 har NSB og Flåm Utvikling samarbeida om drifta av den spektakulære togturen. No ligg det an til ei storinvestering av dei sjeldne for Flåmsbana.

– Det blir mykje vindusflater, det er heilt naturleg. Vi har alt begynt å få innspel, på opne vindauge, lukka vindauge og mykje andre ting, fortel Bakk.

Vognene som går på strekinga i dag vart bygde på 1950- og 60-talet og er modne for utskifting.

Inspirasjon frå Sveits

Flåmsbana, ei av dei brattaste togreisene i verda på normalspor, frakta i fjor rundt 700.000 passasjerar. Designet på dei nye vognene er ikkje avgjort, men Bakk har mellom anna vore i Sveits for å hente inspirasjon.

Sivert Bakk

UTSIKT: – Det er ganske ridige reglar for kva vi har lov å bygge, men vi føler vi har god kontroll på rammeverket og kva vi kan få til, seier dagleg leiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling AS.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjef i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, meiner dei nye vognene må ta vare på kontakten med naturen og viser til korleis nye båtar på fjorden er designa.

– Vision of the Fjords og Future of the Fjords er forma for å sjå fjorden best mogleg frå alle kantar om bord. Ein kan tenkje det same med togsettet, med vindusflater, kanskje glastak.

Brandshaug legg ikkje skjul på at Flåmsbana og investeringane som vert gjort, er viktige.

– Ein utviklar ein seg vidare og har veldig fokus på heilårs reiseliv, noko som er utruleg viktig. Det som skjer både på bana og på fjorden i Flåm er ein motor som vil vere positiv for resten av Sogn og regionen.

Designkonkurranse

Sjølve investeringsavgjerda er ikkje teken, opplyser Sivert Bakk, men kostnadane kjem på fleire hundre millionar kroner.

– Å byggje togvogner er dyrt, så vi snakkar om ei investering på opp mot ein halv milliard kroner.