Hopp til innhold

Dei 15 mest leste sakene i 2017

Her er sakene til NRK Sogn og Fjordane som fenga flest i året som gjekk.

1. Sjåfør blei nedringt frå heile verda

– Telefonen har ikkje stått stille, fortalde langtransportsjåfør Tor-Bjørn Kyrkjebø. Redaksjonar frå heile verda ringde for å få tak i videoen av guten som var svært nær ved å verte påkøyrt av ein semitrailer.

2. Her er skuleguten berre sekund frå å bli påkøyrd

Med berre centimeter til gode klarar tungtransportsjåføren så vidt å unngå ei alvorleg ulukke.

Her krysser han veien like foran lastebilen.

NÆRE PÅ: Her har skuleborna englevakt, føraren av den store semitraileren klarer akkurat å stogge før det skjer ei ulukke.

3. Politiet: Tjuvar kan merke hus dei vil bryte seg inn i med myntar

I vår åtvara politiet om at tjuvar kan bruke myntar for å merke hus dei har tenkt å bryte seg inn i.

4. Dette biletet fekk Nav til å reagere

– Eg fekk beskjed om at eg som sjukemeld bør vere forsiktig med kva for bilete eg legg ut på Facebook, seier Bjarte Øygard.

facebook nav

SKIFERIE I HEMSEDAL: Dette er biletet som fekk det lokale NAV-kontoret til å frykte at folk kunne kome til å tru at Øygard ikkje burde ha rett på sjukemelding.

Foto: Skjermdump Facebook

5. Kloakk-mareritt for barnefamilie

500 meter frå garden forsøker avfallsanlegget å gjere kloakk om til kompost. Det har ført til eit lukthelvete for familien.

Kompostlukt

MÅ RØMME: Denne utsikta er det ikkje ofte Magnar Indrebø og Bente Eriksen kan nyte. Når lukta frå komposteringa ved miljøverket kjem, må dei springe inn og lukke dører og vindauge.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

6. Tord meiner han sparer samfunnet for millionar

Etter ei skiulukke måtte Tord Are Meisterplass få hjelp frå sjukepleiarar til toalettbesøk. Det hindra rullestolbrukaren i å leve livet, men så kom ideen om hjelpemiddelet som fekk han tilbake i full jobb og eit sjølvstendig liv.

7. Her dumpar dei restbetong i fjorden

Rådmannen i Vågsøy ser alvorleg på at det ved minst to høve har blitt dumpa betongrestar i sjøkanten.– Dette er spesialavfall og skal ikkje leggast i naturen slik som dette.

Restebetong og slam blir dumpa på eit næringsområde i Vågsøy.

TØMMER: Restebetong har ved fleire høve blitt dumpa på området.

Foto: NRK.no-tipsar

8. Garasje tatt av elv i Utvik - bustadhus i fare

I Utvik i Stryn blei fleire bygningar skylte på fjorden under flaumen i juli. Innbyggarane var utan straum og vatn, og dei materielle skadane blei store.

9. Arkitekten som bur på 20 kvadrameter

Hadde du klart å bu på 20 kvadratmeter - kvar dag,heile året? Minihus frå USA og norske stølar har inspirert to gode naboar.

10. Jenta med planken i ryggen

Som 12-åring er Kristiane raskast i Norden. Alt ho vil er å bli god nok for eit OL. Men då løpstalentet får sjå bilete av ryggen sin, blir alt svart.

Kristiane Sekkingstad Terum og røntgenbilete av ryggen hennar
Foto: Olav Terum/Haukeland Universitetssjukehus

11. Sjukdommen som seigpinte folk til døde

Ei uvanleg sterk historie om ein sjukdom som råka mange, særleg på Vestlandet.

Bilder av norske spedalske på slutten av 1800-talet

DRAMATISK SJUKDOM: Hovudet hovna opp og augebryn, nase, tær og fingrar fall av. Så kunne svelget bli angripe og den spedalske vart kvelt.

Foto: Nasjonalbiblioteket

12. Familie bygde nytt hus - no tar Telenor frå dei breibandet

I juni flytta John-Magne Sande og familien inn i det nye huset sitt. No vil Telenor ta frå dei breibandet. Dette råkar no kundar over heile landet.

John-Magne Sande og Kjersti Straume studerer brevet dei fekk frå Telenor.

FORTVILA: John-Magne Sande og kona Kjersti Straume studerer brevet frå Telenor.

Foto: Synne Ulltang / NRK

13. Tiltalt for å ha rasert 2000 år gammal gard

Mannen var allereie bøtelagt for å ha gjort inngrep utan løyve frå kommunen. Likevel sette han i gong på ny. Difor måtte nordfjordingen møte i retten i vår.

14. Sjå den uvanlege venskapen

Hjortebukken har vore ein trufast besøkande dei siste to-tre åra. Mette Kvam har kalla han Flippen, for han har ei rift i det eine øyra.

15. Dei tok ut nær 20 millionar kvar i utbytte frå Moods

Gründerane bak Moods of Norway svevde på ei økonomisk god rosa sky i fleire år før dei i slutten av september måtte gå til skifteretten.

Peder Børresen og Simen Staalnacke

ROSA LUKKE: Peder Børresen og Simen Staalnacke har begge henta ut store midlar frå Moods of Norway. No er selskapet konkurs.

Foto: F Kyrre Lien/Scanpix