Den regjerande norgesmeisteren oppfyller ikkje fotballforbundet sine lisenskrav til eliteserien. Tysdag vart klubben si anke avvist av klagenemda i fotballforbundet, og Kristin Stundal er opprørt.
- Burde ha fått sjanse til å rette opp
- Vi har gjort ein vanvittig jobb i forhold til anken, det som er ille er at det ikkje dreier seg om så mykje pengar samanlikna med herrefotball, det er ikkje verre enn at vi kunne ha retta det opp i komande sesong. Fotballforbundet kunne ha gitt oss ei kraftig skrape i lakken ved å ta frå oss t.d. seks poeng og betale ei bot. I staden tek dei lisensen og fråtek oss dermed grunnlaget for å rette opp situasjonen, seier Kristin Stundal.
Cupmeister sist haust, no degradert til 1. divisjon. Arkivfoto NRK
Store manglar økonomisk
Ei samstemt klagenemd held fast på klubblisensnemda i fotballforbundet si avgjerd om å nekte Asker lisens for eliteseriespel sesongen 2006. Spesielt på den økonomiske sida var manglane i søknaden til Asker for store.
Negative konsekvensar for kvinnefotballen
Klubblisensen som skal være eit verktøy for å sikre positiv utvikling i toppfotballen er utarbeidd i tett samarbeid med toppklubbene. Men Kristin Stundal meiner likevel at lisensnekten vil få store negative konsekvensar for norsk kvinnefotball. - Det er faktisk det mestvinnande damelaget som no misser lisensen, det går ikkje an å behandle dame- og herrefotball like strengt, det er faktisk 20 spelarar som misser jobben, seier ho.
Lite lyst på 1. divisjon
Kristin Stundal har framleis eitt år igjen av kontrakten med Asker og veit enno ikkje om klubben vil fristille spelarane. Sjølv har ho lite lyst å spele i 1. divisjon og reknar med at det same gjeld dei 13 landslagspelarane i stallen. Høyangerjenta Siri Nordeide Grønli er også i uviss på framtida. - Det er forferdeleg trist, og vi hadde ikkje trudd dette skulle skje. Men skal ein satse, er det ikkje hjelp i å spele i 1. divisjon, seier ho.