Hopp til innhold

Debuterte med 24. plass i NM

lL Bjørn stilte stafettlag for første gong i senior-NM i langrenn. Det enda med ein 24. plass for det unge laget.

IL Bjørn stafettlag i NM
Foto: Rune Fossum / NRK

Thomas Sørheim Evjestad gjekk førsteetappe, Mats Bjørnar Leirdal den andre, og Hallvard Sørheim Evjestad gjekk ankeretappen. I mål var dei fem minutt og 17 sekund bak vinnaren, Byåsen IL.

Og det må seiast å vere bra, Det er første gongen IL Bjørn stiller stafettlag i senior-NM. Alle tre er juniorar enno.

Målet var å slå Førde

Og kanskje viktigare, dei slo det andre laget frå Sogn og Fjordane, Førde, med sju sekund. Førde kom på 25. plass etter å ha vore oppe på 17. plass midtvegs i stafetten.

Roger Øye Pollen på tredjeetappe for Førde i stafettt-Nm

FORBIGÅTT AV BJØRN: Roger Øye Pollen gjekk ankeretappen for Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Hallvard Sørheim Evjestad gjekk ankeretappen for Bjørn, og han greidde akkurat det dei tre på laget hadde som mål for dagen.

– Vi hadde som mål å slå Førde, og det gjekk. Eg tok att Roger Øye Pollen då det var att ein kilometer og greidde å kome før han i mål. Eg meiner Førde låg rundt eitt minutt føre oss då eg starta på min etappe.

Gjøran Tefre måtte trekkje seg

På Førde sitt lag gjekk Sindre Hoff, Martin Hegrenes og Roger Øye Pollen. Gjøran Tefre skulle eigentleg ha gått sisteetappen for Førde, men han måtte melde forfall. Hallvard Sørheim Evjestad trur det hadde vore verre å slå Førde om Tefre hadde vore frisk nok til å gå.

Men uansett var det ei stor oppleving å gå NM-stafetten, seier han.

– Det var utruleg moro å gå, det er fantastiske løyper på Voss, og det var mykje folk som heia oss fram, og vi er veldig godt nøgd med vår eigen innsats.