NRK Meny
Normal

Marte frå Luster debuterer som profesjonell skodespelar på Harastølen

LUSTER (NRK): 23 år gamle Marte Paulsen frå Luster debuterer som profesjonell skodespelar i det nedlagde sanatoriet på Harastølen. Både ho og regissøren er einige i at det er noko heilt spesielt å skulle lage teater her.

Marte Paulsen Harastølen

PÅ HEIMEBANE: Marte Paulsen frå Luster gjer debuten som profesjonell skodespelar på heimstaden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Frå torsdag til søndag denne veka skal det vere fleire framsyningar av teaterstykket «Det gule tapetet» i det nedlagde sanatoriet på Harastølen i Luster. Marte Paulsen, som er nyutdanna skodespelar og kjem frå Luster, har ei av hovudrollene. Ho fortel at Harastølen er ein stad ho har vore nysgjerrig på gjennom oppveksten.

– Det har vore den kule plassen der det er litt spøkjelse, og der ein kan køyre opp om kvelden for å prøve å sjå og kanskje kome seg inn. Det er veldig kult å få lov til å vere her for å gjere noko med denne plassen, seier ho.

Harastølen

HEILT SPESIELT: Marte Paulsen meiner det er noko heilt anna å spele teater på Harastølen enn på ei vanleg teaterscene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det å skulle gjere skodespelar-debuten på heimstaden har ifølgje Paulsen både fordelar og ulemper.

– Samtidig som det er trygt fordi eg kjenner mange herifrå som kjem og støttar meg, er det litt skummelt fordi dei aldri har sett meg framføre før, og så er dette stykket ganske spesielt.

Paulsen fortel at det er noko heilt anna å skulle framføre stykket på Harastølen enn på ei vanleg teaterscene.

– Du får heile opplevinga med ein gong, det ligg her frå før. Det er ikkje så mykje ein må prøve å legge til, som i ein vanleg teatersal der ein må finne bileta sjølv, seier ho.

– Ei emosjonell reise

«Det gule tapetet» handlar om ei kvinne med alvorleg fødselsdepresjon som vert isolert på eit rom. Stykket er ein psykologisk thriller, og regissør Jeff Pedersen fortel at det er ein klar fordel å kunne setje opp eit slikt stykke på ein stad som Harastølen.

– Om publikum grugledar seg til å kome på grunn av staden er dei godt førebudde på at vi skal ta dei på ei emosjonell og psykologisk reise når dei kjem hit. Det å påverke publikum på ein direkte måte er eit viktig prinsipp i det eg held på med, seier han.

Jeff Pedersen Harastølen

VERD DET: Regissør Jeff Pedersen seier at utfordringane Harastølen fører med seg er verd det.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Pedersen trur også at Harastølen i seg sjølv kan trekkje publikumarar til framsyninga. Det kjem til å gå ei stund før bygget er ope for publikum igjen.

– Det er mange som har lyst til å sjå Harastølen, det er ein tiltrekkjande plass for publikum. Det er også fint for oss at den siste sjansen for å få sjå Harastølen slik som det er her no er å kome på framsyninga vår.

Ifølgje Pedersen er det også fleire utfordringar med å lage teater i det nedlagde sanatoriet. Mellom anna manglar dei både straum og vatn, vegen opp er smal, og delar av bygget er ikkje trygge.

– Det er mange utfordringar, men det er verd det, seier regissøren.

Vegopning på Bergum i Førde kommune