NRK Meny
Normal

Debuten var minuttar frå å bli eit mareritt

SOGNDAL (NRK): Debutant Vegard Leikvoll Moberg er berre glad for at Sogndal held fram med å ta poeng.

Vegard Leikvoll Moberg

MANGE TANKAR: Debutant Vegard Leikvoll Moberg rota vekk ballen på Bodø/Glimt si første scoring. – Eg er skuffa, men samstundes letta over at rekkaj utan tap ikkje stogga. Det var også viktig at Bodø/Glimt ikkje tok innpå tre poeng, seier han.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Balltapet etter 19 minuttar kunne fort blitt avgjerande mot Bodø/Glimt.

Trond Olsen sendte Bodø/Glimt i føringa. I hovudet til den tidlegare Åsane-kapteinen rasar tankane.

– Der og då raser det litt, men eg prøver å vise at det ikkje pregar meg og klarer heldigvis å omstille meg mentalt, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Nøgd Bakke

Same Olsen dobla leiinga med ein halvtime att å spele. Før Sogndal endeleg makta å konvertere både ein og to sjansar til scoring. Det enda 2-2 og klubbens tiande strake kamp utan tap.

Sogndal-trenar Eirik Bakke er nøgd med debutanten.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det viktigaste er at han ristar det av seg. Eg kasta han inn i kampen etter ei økt med gutane. Vegard kjem til å bli sterkare og sterkare. Han kom greitt frå debuten, oppsummerer han.

Frykta poengtap

– Det er kjekt at teamet har tru på meg og kastar meg rett ut i det. Det er den feilen alle ser, som er så frykteleg irriterande, seier den 25-årige midtbanespelaren sjølv.

Sogndal produserte dei aller fleste sjansane i kampen og kunne tatt alle poenga heilt på tampen. Då var Leikvoll Moberg bytta ut.

Eirik Bakke og Trond Olsen

NØGD: Trenar Eirik Bakke (t.h.), her saman med Glimts tomålscorar Trond Olsen, var nøgd med innsatsen til Vegard Leikvoll Moberg.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Frykta du feilen kunne kosta dykk poenga?

– Du tenkjer sjølvsagt på det og det er ikkje lett å omstille seg i ein debut. Men det er ein mental styrke å ha tru på seg sjølv og ikkje legge seg ned.

– Har meir å vise

Ballen rulla veldig fort etter at Sogndal viste interesse då Babacar Sarr vart seld til Molde. Overgangen skjedde så fort at 25-åringen, som var på utgåande kontrakt med Åsane, ikkje rakk å få nervar før seriedebuten mot Bodø/Glimt.

– Eg tykkjer eg kom greitt frå det. Taper ikkje mange duellar og føler treffprosenten på pasningane framover er bra. Men eg merkar i beina at det er opp eitt nivå og at eg ikkje har fått skikkeleg trening med laget, seier han.

– Merkar du presset? Det er ikkje kven som helst du skal erstatte.

– Vi har same rolle, men eg må fokusere på at det er eg som er her og ikkje Babacar Sarr. Eg veit det er nokre sko å fylle og ventar ikkje å dominere på kort sikt. Men på lengre sikt, derimot...

– Eg har absolutt meir å vise. I dag var ikkje beina der dei skal vere, men det å få trene med laget vil få mykje å seie, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.