Hopp til innhold

Debutant har scora alle måla for Norge

Landslagstrenaren trur vi får høyre meir frå Oliver Rotihaug (18) i toppfotballen.

Oliver Rotihaug

NASE FOR MÅL: Oliver Rotihaug spelar til dagleg frå Brann. No har eidaren også vist seg fram som målscorar for landslaget.

Foto: Stig Høynes

– Han har gjort ein veldig fin innsats og scora alle tre måla våre. Så han har gjort ein god debut, seier Eirik Horneland.

Landslagstrenaren er strålande nøgd med debutanten. Oliver Rotihaug frå Eid har for første gong fått spele for det norske G18-landslaget - og det kunne ikkje gått stort betre:

  • Han vart matchvinnar i sin aller første landskamp mot Russland i Slovakia Cup denne veka.
  • Torsdag banka han inn to mål med hovudet, då Norge vann 2-1 over Dei sameinte arabiske emirata.
Laster Twitter-innhold

– Har levert varene på landslaget

Rotihaug vart henta til Brann som 16-åring, og fekk A-lagsdebuten kort tid etter.

Han har tidlegare fortalt NRK om overgangen frå vesle Eid til Bergen, der han trenar opptil to gongar om dagen. Målet er å bli ein toppspelar. Og han er på veg.

– Kor spesielt er det at ein debutant har scora alle tre måla på landslaget?

– Det vågar eg ikkje seie så mykje om. Men Oliver har levert varene når han har sluppe til. Han har vist god nase for mål, samstundes som han jobbar hardt for laget. Han har levert ei god pakke for oss, seier Horneland framfor fredagens bronsefinale.

Oliver Rotihaug

EID: Her er Rotihaug i aksjon for sin gamle klubb Eid moot Sogndal 2 våren 2013.

Foto: Stig Høynes

– Får høyre med frå han i framtida

Ifølgje landslagstrenaren er spissen frå Nordfjord vanskeleg å møte for forsvaret.

– Han er heile tida på jakt etter å skape rom og springe inn i desse romma. Samstundes har han god nase for mål. Han er ein allsidig spiss, seier Horneland.

– Kor god kan han bli?

– Det er opp til han sjølv. No har han fått internasjonal erfaring og vist at han heng bra med på dette nivået. Så kjem det an på kor hardt han jobbar i kvardagen framover, seier trenaren.

Han legg til:

– I fotball er det berre hardt arbeid som gjeld. Og Oliver verkar å vere ein gut som har skjønt det. Då trur eg han kan bite godt frå seg i framtida, og at vi skal få høyre meir frå han.

PS: Sogndals Edin Øy har også fått speletid i Slovakia Cup. Han kom på bana etter 65 minutt i torsdagens kamp.