Hopp til innhold

Debatterte annleisfylket i Stortinget

I dag brukte landets viktigaste møtesal ein og ein halv time på å debattere Sogn og Fjordane.

Bård Vegard Solhjell

TRUGA: Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV) meiner suksesshistoria Sogn og Fjordane er truga.

Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell frå Naustdal og SV hadde ein såkalla interpellasjon i Stortinget. Temaet var suksessfylket som han meiner er truga av regjeringa sin politikk

– Eg reiser interpellasjon fordi Sogn og Fjordane er ein suksess, ein litt annleis suksess enn dei fleste regionane og fylka våre, og fordi vi ser konturane av ein politikk frå regjeringa som svekkjer grunnlaget for denne suksessen.

Mange trugsmål

Den utflytta naustedølen som er stortingsrepresentant for Akershus, og tidlegare statsråd, reiste debatten om Sogn og Fjordane i Stortinget.

Han peika på at fylket har høg sysselsetting, låg arbeidsløyse og gode skuleresultat. Men ei rekkje sentraliseringsplanar trugar fylket.

– Det er sett i gang ei rekkje små og store prosessar for å skape såkalla robuste einingar. Ofte betyr det færre einingar, og i mange tilfelle ligg det forslag på bordet som inneber at administrasjon og tenester skal flyttast ut av Sogn og Fjordane.

Han fekk svar frå kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre.

Jan Tore Sanner

KJENNER FYLKET GODT: Kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre.

Foto: Silje Kolaas

– Eg kjenner fylket godt, og eg meiner det er all mogleg grunn til dele solskinshistorier frå Sogn og Fjordane.

Han er gift med ei frå Førde, og gjekk straks i gong med å forsvare regjeringa.

– Dei utfordringane som fylket står overfor må først og fremst løysast av aktørar i fylket. Regjeringa sitt ansvar er å medverke med gode rammevilkår. Vi må føre ein politikk som gjer at Sogn og Fjordane får utnytta sitt potensial, og det gjer vi.

Han peika vidare på ei rekkje prosjekt som regjeringa har gått inn for, og som han meiner fylket vil kunne nyte godt av. Mellom anna ferjeavløysing, opprusting av Bjørset-Skei, gruvedrift i Engebø, at Eid får 15 nye skattearbeidsplassar og at Fiskeridirektoratet framleis blir i Måløy.

Skulda for svartmåling

Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet minna om kva ho sa før valet.

Liv Signe Navarsete

FANTASI: Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet sa ikkje ein gong ho hadde fantasi nok til å føresjå følgjene av regjeringsskiftet.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– I valkampen for to år sidan åtvara eg mot den politikken som ei høgredominert regjering ville føre og kva konsekvensar den politikken ville få for eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Då vart eg skulda for å svartmåle, men ikkje ein gong eg hadde fantasi nok til å førestille meg kor effektivt regjeringa kom til å fremje forslag som legg ned og sentraliserer funksjonelle organisasjonar og demonterer Sogn og Fjordane.

Sjå heile Stortingsdebatten her:

Debatten varte i nesten halvanna time, med 10 ulike talarar frå alle dei store partia. Til slutt oppsummerte kommunalministeren.

– Eg må seie at den retorikken som representantane Heggø, Navarsete og Karin Andersen legg for dagen skremmer meg. Dei slengjer ut ein serie påstandar om at regjeringa demonterer fylket bit for bit, utan å underbygge påstandane. Eg meiner vi gjennom denne debatten har tilbakevist mange av desse påstandane.