Hopp til innhold

Når Anne og Rogier skal imponere kundane, berre snur dei dataskjermen

DAVIK (NRK): Rogier van Oorschot gjekk lei støv og stein i fjellet og lite tid til å nyte naturen. No driv han og kona turselskap med kundar over heile verda.

Anne og Rogier van Oorschot

KOM FOR NATUR: Ekteparet flytta frå Nederland til Noreg på grunn av naturen. På kort tid har reiselivsverksemda tredobla seg i ein veksande marknad for opplevingsturisme. – Det betyr aktive reiser med kajakkar, fjellturar og andre opplevingar, seier Anne og Rogier van Oorschot.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Målet er å bli ei verksemd av betydning innan reiselivsbransjen i Noreg, både når det gjeld eigne turar ut i naturen og det å skreddarsy turar for utanlandske kundar, seier Rogier van Oorschot.

Snur dataskjermen

Davik

DAVIK: Frå den vesle bygda i Bremanger skreddarsyr ekteparet Anne og Rogier van Oorschot opplevingsturar i Noreg og Svalbard for utanlandske turistar.

Foto: Hans Bakke

Ekteparet har ikkje slått seg ned i noko by, men driv verksemda si frå eit lite kontor eit fåtals meter frå småbruket over den vesle bygda Davik i Bremanger.

Med Nordfjorden og beitande gamalnorsk spelsau utanfor vindauget, får familien dekt sitt eige behov for å vere i og nyte norsk natur.

Dei får også eit ekstra verkemiddel for å overtyde turistane som ynskjer ein opplevingsferie i Noreg.

– Eg skypar ofte med folk i storbyar på andre sida av verda. Når eg snur skjermen og viser dei naturen, så blir det eit stort sjokk for dei fleste, smiler Rogier van Oorschot.

Vart lei fjell og støv

Norway Adventures i Davik

UTVIKLAR SEG: Ann og Rogier van Oorschot (fremst) er glade for at dei har fått på plass fleire hender i verksemda. Dei skal mellom anna skreddarsy turar for kundane til ein av dei største turoperatørane i Frankrike. – Vi klarer ikkje å ta unna alle førespurnader, seier Rogier.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ekteparet kom til Noreg for 19 år sidan. Nokre år seinare gjekk turen til Davik og Bremanger. Rogier var med på å starte steinbrotet Bremanger Quarry for eit nederlandsk selskap. Etter 3,5 år vart han lei av livet og støvet inne i fjellet. Han ville vere utanpå.

– Naturen var grunnen til at eg flytta til Noreg, så eg sa opp jobben og begynte med friluftsliv, seier han.

Etter kvart såg Norway Adventures AS dagens lys, først med fokus på kajakkpadling og friluftsliv.

– No driver vi ikkje lenger berre med kajakkar og fjellturar, men skreddarsyr turar for kundar frå heile verda – både i Noreg og Svalbard, seier Anne.

Har ein fordel

To tilsette i Norway Adventures

ERFARING: Inga Britt Morken (t.v.) frå Lesja og engelske Tabitha Murray-English frå Durham er blant dei 3,5 tilsette i verksemda i dag.

Foto: Harald Kolseth / NRK

At familien sjølve er innflyttarar frå utlandet, meiner dei kan vere ein fordel.

– Eg trur vi har meir auge for det spesielle ved Noreg, norsk natur og kultur, seier Anne.

Det seier dottera Lotte seg samd i. Ho ynskjer å følgje i foreldra sine fotspor med ei utdanning innanfor reiseliv.

– Vi blir meir merksame og set meir pris på det som er rundt oss, enn kanskje nordmenn som er vande med det, legg dottera Lotte til.

Ifølgje Anne investerer verksemda stort i utstyr og opplæring. Største utfordringa er å finne tilsette med kompetanse på sal og reiseliv i nærmiljøet.

– Vi har hjartet vårt her på Davik, og vil utvide verksemda her. Om vi ikkje får rekruttert folk hit, så kan eit alternativ bli å opprette ei avdeling i Bergen, avsluttar Anne.