Drageset driv Jokerbutikken i Davik, og er dermed sjølv kommisjonær for Lotto, og selde kupongen til seg sjølv. Han følgde ikkje med på trekninga, men sat ved kjøkkenbordet og drakk kaffi då Norsk Tipping ringde.
- Det er heilt uverkeleg. Desse pengane kjem godt med. No skal eg betale ned på huslånet, fortel han.
Småpremiar tidlegare
Drageset har spelt Lotto sidan Lotto starta, og deltar også i dei andre spela til norsk tipping som Extra, Vikinglotto, Lotto og Joker, og han har vore bortom små premiar før, men ikkje så mykje at han har halde seg med spelepengar.
Feiring
Drageset vedgår at storpremien gav grunn til litt feiring laurdag kveld.
- Ja, kona og eg feira litt ekstra laurdag kveld, seier han.
Men Lotto-millionæren i Davik held beina framleis trygt planta på bakken. I dag er han bak disken i butikken igjen.