NRK Meny
Normal

Daudt løp mellom Ap og Sp

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er jamnstore på ei meinigsmåling utført for NRK Sogn og Fjordane og Bergens Tidende.

Valgurne

AUGUST-MÅLING: Kampen om fylkesordføraren kan bli ein thriller, viser Respons si måling.

Foto: Hommedal .Marit / Scanpix

Men begge partia går tilbake i høve til Fylkestingsvalet i 2007.

Fylkesleiar Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet er ikkje nøgd med resultatet på partibarometeret Respons Analyse har utarbeidd.

Nils P. Støyva

MANAR TIL KAMP: Fylkesleiar Nils P. Støyva i Ap.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Eg registrerer at det er ein framgang frå forrige gallup, men dette må bli betre. Det er berre å brette opp ermene å stå på fram til valdagen, seier Støyva til NRK.no.

Minimal terror-effekt

Partiet ville fått 25, 8 prosent av røystene og 10 mandat om det var val i dag. Det er dårlegare enn ved fylkestingsvalet for fire år sidan, då partiet fekk 28,2 prosent av røystene.

Ap har likevel ein framgang frå partibarometeret i april i år, der 23,6 prosent av dei spurde ville stemt Ap. Samanlikna med landsmålingane den seinare tida, ser det ikkje ut til at Sogn og Fjordane Arbeidarparti nyt godt av sympatibølgja som mange gallupar gitt uttrykk for, særling i målingar som tek føre seg kva ein ville ha røysta om det var stortingsval.

– Vi må oppnå minst samme resultat som ved førre val for fire år sidan, og like mange mandat. Helst må vi klare å plusse på eit mandat eller to, seier fylkesleiaren i Ap.

Følling fått go'kjensla

Senterpartiet går mest fram på målinga og får like stor oppsluttnad som Ap. Frå april går partiet fram nøyaktig fire prosentpoeng til 25,7 prosent. Det styrkar Jenny Følling si tru på at ho blir fylkesordførar etter valet.

Jenny Følling

FÅR SJØLVTILLIT: Jenny Følling har fylkesordførarkontoret i sikte.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette er eit veldig godt utgangspunkt for Senterpartiet. Vi brukar å vere eit parti som styrkar oss fram mot valet, seier Sp sin førstekandidat.

Ho meiner målinga som Respons har tatt opp for NRK og BT no i august, gir gode odds for at partiet får halde på fylkesordførarkjedet, også etter at Nils R. Sandal har takka av etter valet.

– Dette er gode sjansar for Senterpartiet til å ta leiinga i fylket og få inn mange av dei flinke kandidatane vi har, seier Følling som i dag er ordførar i Gaular på åttande året.

Partibarometer for Sogn og Fjordane august 2011

 Parti

F.t. valet 2007

St. valet 2009

Respons sept. 2010

Repsons april 2011

Respons august '11

Rødt (RV)

1,2

0,9

1,0

1,2

0,7

SV

5,6

5,8

4,5

6,0

3,9

Ap

28,2

29,6

25,7

23,6

25,8

Sp

29,0

25,2

23,4

21,7

25,7

Venstre

6,8

3,3

4,0

6,5

6,9

KrF

7,4

6,8

7,1

7,3

5,6

Høgre

11,6

12,1

19,6

19,7

19,1

Frp

9,5

15,8

14,2

12,9

11,7

Andre

0,8

0,4

0,5

1,1

0,6

Fordeling av dei 39 fylkestingsmandata, basert på august-målinga (valresultat 2007 i parantes:

  • Raudt: 0 (0)
  • SV: 2 (2)
  • Ap: 10 (11)
  • Sp: 10 (11)
  • Venstre: 3 (3)
  • KrF:2 (3)
  • Høgre: 7 (5)
  • Frp: 5 (4)
  • Andre: 0
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.