Valet står mellom Marta Finden Hallset og Clara Øberg, som ser ut til å ha like mykje støtte. Sogn får andreplassen på stortingslista bak Reidar Sandal om dei klarer å bli samde om ei av dei.
Clara Øberg får halvparten av støtta. (Foto: NRK)
Øberg trekte seg
På møte onsdag gjekk Leikanger gjekk inn for Clara Øberg, opplyser leiar i Leikanger Ap, Tore Eikeland. Dei gjer med andre ord som det vart kjent at Luster gjorde i går; dei vel Øberg trass i at ho har trekt seg.
I Aurland hadde dei og møte i går. Kandidaten deira til andreplassen på stortingslista heiter Marta Finden Hallset, opplyser Osvald Turlid i Aurland Ap.
Delt mellom kvinnene
Det vart eit stort problem at den eine kandidaten Clara Øberg trekte seg. Likevel ser det etter alt å døme ut til at halvparten av laga i Indre Sogn går for nettopp Øberg frå Sogndal Ap. Mest truleg vil ho få støtte frå heimkommunen. Dessutan har ho altså Luster og Leikanger i ryggen, og Lærdal. Men like mange av lokallaga ser etter alt å døme ut til å gå for Marta Finden Hallset.
Rett nok har ikkje Årdal møte før seinare torsdag. Men mykje tyder på at Hallset kjem til å vere namnet som står etter Reidar Sandal sitt på lista.
Om ein ser vekk frå Balestrand som har gått for den tredje kandidatane, Ingrid Heggø, er det heilt jamnt så langt. Osvald Turlid i Aurland fryktar daudt løp.
Og vilkåret for at Sogn får plassen bak Sandal på stortingslista er nettopp at dei klarar å bli einige.