Hopp til innhold

Dataprosjekt får statleg konkurrent

Datalagringsprosjektet i Lefdal gruve kan få ein uventa og stor konkurrent i statlege Entra.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, og ordførar i Vågsøy, Morten Hagen.

UVENTA: Ordførarane Alfred Bjørlo (t.v.) og Morten Hagen er lite nøgde med at staten sjølv dukkar opp som konkurrent til datalagringsprosjektet i Lefdal gruve.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eid og Vågsøy håpar datalagringsprosjektet i Lefdal gruve kan gje kring 200 arbeidsplassar.

I dag kan NRK avsløre at staten sjølv er i ferd med å planleggje eit stort datasenter utanfor Oslo.

– Dette er heilt vannvittig og stikk i strid med alle signal som er kome frå nærings- og administrasjonsminister Trond Giske og resten av regjeringa, og alle andre som arbeider med miljøvennleg datalagring kring om i Norge, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Krav om nærleik til Oslo

For mange i IT-bransjen har det lenge vore uklart kven som står bak planane om eit vel 33 000 kvadratmeter stort anlegg med namn Greenfield utanfor Oslo. No viser det seg altså å vere Entra eigedom, som er 100 prosent eigd av nærings og handelsdepartementet.

Eit krav for senteret er at det skal liggje maksimalt 30 kilometer frå hovudstaden.

Næringsminister Trond Giske (Ap) og Senterpartileiar Liv Signe Navarsete har lovprisa prosjekta kring om i landet som viktige for distrikta.

– Og så opplever vi no at i det skjulte har Trond Giske sitt eige departement jobba fram planer for eit digert senter rett ved Oslo, som i praksis undergrev moglegheita til å gjere dette til ei stor næring kring om i Norge, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

LAGRING I GRUVA: Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli.

Foto: Pressefoto

– Vil få problem

Lagring av data er spådd å vere ei stor framtidsnæring, mellom anna på grunn av klimaet og vasskrafta.

Høgreordførar i Vågsøy, Morten Hagen, hadde tillit til regjeringa. No er han skuffa over å sjå at planane i Nordfjord får uventa konkurrent i staten.

– Det er stikk i strid med alle signal som har vore sendt tidlegare. Dei sentra som vi snakkar om på Vestlandet, vil få problem med å dra til seg kundar på bakgrunn av det som skjer rundt Oslo, fryktar han.

Fleire prosjekt

Så langt er det planar i Halden, Narvik, Rennesøy, Rjukan, Gjøvik og i Aurland, i tillegg til Lefdal gruve. Nyleg vart det også kjent at Facebook vil satse på eit stort datasenter i Luleå i Nord-Sverige.

I Nordfjord håpar ein at store fjellhallar inne i Lefdal gruve, der det tidlegare vart utvunne mineralet Olivin, kan bli det neste store senteret i Norden.

– Dersom det blir utbygd etter planene, så er det snakk om opp til eit par hundre arbeidsplassar, seier Hagen.

– Uheldig eigarskap

Det statlege datalagringsprosjektet i Oslo møter ikkje berre reaksjonar i Sogn og Fjordane, men også i Senterpartiet.

Mellom dei er stortingsrepresentant Geir Pollestad som arbeider for datalagring i Rennesøy i Rogaland.

– For senterpartiet ynskjer vi at datalagring skal bli ei viktig distriktsnæring. Difor er det beklageleg at Entra Eigedom har gjort det som dei no ser ut til å gjere. Denne saka viser kor uheldig det kan bli når Staten er stor eigar i eit selskap som vel å ta opp kampen mot viktige private initiativ i distrikta, meiner han.

– Utfyller kvarandre

NRK har fleire gonger prøvd å få Entra til å kommentre planane om å bygge datasenter.

Først konfrontert med kritikken kan kommunikasjonsjef Cato A. Mørk gi nokre få opplysningar.

– Vi trur det er plass til fleire aktørar, og uansett at mange av løysingane og kanskje også vår, vil utfylle kvarandre, seier han.

– Næringsminister Trond Giske sit i selskapet si generalforsamlinga, kva grad er han orientert om desse planane?

– Den interne prosessen og korleis vi arbeider vil eg ikkje gå inn på. Når vi føler vi er kome eit godt steg på vegen, så vil vi konkretisere planene og lansere dei offentleg.

– Øydeleggjande

Verken næringsminister Trond Giske eller fornyings og administrasjonsminister Rigmor Aasrud har så langt vore tilgjengelege for kommentar.

I Eid meiner ordførar Bjørlo at planene til Entra er så omfattande at dei vil kunne øydeleggje for andre prosjekt.

– Det vil vere eit senter som er så stort at det kraftig vil redusere moglegheita til å få til andre store satsingar kring om i Norge, fryktar han.