Dataproblem i heile Helse Vest

Alle sjukehusa i Helse Vest fekk store IKT-problem onsdag føremiddag og operasjonar vart sett på vent. No er dei viktigaste datasystema oppe og går att.

Førde sentralsjukehus

FØRDE: Ved sentralsjukehuset i Førde har dei IKT-problem.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Alle systema mista kontakten med serverane sine, noko som førte til store driftsproblem. Vi gjer det kan vi for å unngå slike feil, men diverre skjedde det i dag, seier Erik M. Hansen, administrerande direktør i Helse Vest IKT.

Om lag 50 personar har i føremiddag jobba med rette opp att feilen. Like før klokka 15 melde Helse Vest at beredskapssituasjonen var over.

– Det er eit puslespel å få alt tilbake, men alt vil vere på plass i løpet av dagen, og dei viktigaste systema er oppe og går att no, seier Hansen.

Ikkje mogleg å gjere behandlingar

Onsdag føremiddag opplevde alle sjukehusa i Helse Vest store IKT-problem. Problema oppstod klokka 09.15.

– Eg kan stadfeste at heile Helse Vest har problem. Det gjeld alle sjukehusa i regionen, sa Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen til NRK like etter klokka 10.

Ifølgje IKT-sjef i Helse Førde, Frode Schanke, var det ikkje mogleg å gjennomføre pasientbehandlingar så lenge datasystema var nede.

– Det har vore stopp i fleire sentrale pasientbehandlingssystem mellom anna journalsystema. Dette er system som er kritisk i forhold til å gjennomføre pasientbehandlingar, ein får ikkje opp opplysningar om pasientane ein skal behandle, seier Schanke.

Operasjonar vart i ein periode stoppa, men klokka 14 var dei i normal drift igjen.

– Skuldast dataoppdatering

Rundt klokka 10.45 fortalde kommunikasjonsdirektør Erik Vigander ved Helse Bergen at feilen skuldast ei planlagd oppdatering av fleire datasystem.

– Oppdateringa førte til at vi måtte restarte ein del system. Det er snakk om store datasystem, og det tek tid. Men nokre av systema er allereie oppe og går igjen no, og me reknar med at resten vil vera i orden innan kort tid, seier han.

Han seier problema ikkje fekk konsekvensar for folk som ringer 113.

– Dette er interne datasystem, som er viktige for sjukehusa. Men vi har gode backupsystem, og vi set ikkje i gong noko som kan gå ut over pasientsikkerheita, seier Vigander.

– Det er ingenting som tyder på at dette dreier seg om eit dataangrep. Etter kva eg veit dreier det seg om dataoppdateringar, men eg kan ikkje si meir om årsaka no, seier han.

Haukeland sykehus sentralblokka og den gamle barneklinikken

STOPP I OPERASJONAR: Haukeland sjukehus må sette operasjonar på vent fordi datasystema er nede.

Foto: Helse Bergen

Onsdag ettermiddag seier beredskapssjefen i Helse Førde at problema ikkje var på grunn av oppdateringa.

– Dette var ein tilfeldig feil, og vi veit ikkje eksakt årsaka. Den planlagde oppdateringa er utsett, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.

Han seier Helse Førde har gode rutinar for å handtere dataproblem av den typen som oppstod i dag.

– Helse Førde har hatt gode støttesystem som skal tre i kraft når slike problem oppstår. Vi har ein del manuelle rutinar som vi har førebudd. Eg opplever at vi har gjort dei tiltaka som sikrar best mogleg pasientbehandling, og det er organisasjonen bra trent til, seier Øen.