- Det er ein stor tabbe. Den går veldig sterkt ut over oss, seier Mendy Gjervik Rygg. Ho er ein av dei 15 elevane som er råka. Ho vart som resten av klassen ved studiet sal og service ståande med talet 0 som snittkarakter, skriv avisa Firda. Mendy Gjervik Rygg oppdaga dette då ho sjekka på Internett om ho hadde fått plass til å halde fram med utdanning ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.
- Eg tok til å lure på om eg hadde dårlege karakterar, seier ho.
Låg på 49. plass
For det Mendy oppdaga var at ho uventa låg på 49. plass på ventelista. Årsaka til dette vart oppdaga då nokre av elevane tok kontakt med Inntakskontoret:
- Dei opplyste om at det var ein feil. Men det er ikkje sikkert alle elevane veit om dette, for kva skal dei som er på ferie gjere med det? Me kunne ha fått litt informasjon, det tykkjer eg faktisk dei skuldar oss når dei har gjort ein så stor feil.
- Ikkje heilt rett
- Dette var ikkje heilt rett frå vår side. Kvar feilen ligg er vanskeleg for oss å vite no, seier Ingerda Fossen ved Inntakskontoret ved Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho seier feilen no er retta opp, og at elevane har fått karakterane sine. Ved andre inntak som er om fire dagar vil desse bli lagt til grunn.
Kan hamne andre stader
Men Mendy Gjervik Rygg og dei andre elevane fryktar likevel at dei no hamnar på andre studier enn det dei ville ha gjort om ikkje tabben hadde skjedd. Og dette vert stadfesta av Inntakskontoret:
- Viss dei har sett opp andre skular som skuleønskje, så kan det skje. For dei som alt har fått inntak, dei er alt tildelt plassar.
- Så dermed stiller dei uheldige elevane bakerst i køen?
- Ikkje no når andre inntak skal køyrast, då stiller dei på lik line med dei andre som er på venteliste, seier Fossen.
Og denne ventelista har mange av elevane hamna på, på grunn av feilen i datasystemet:
- Eg tykkjer det er veldig dårleg gjort, for dette står faktisk om framtida vår, seier Gjervik Rygg.