I perioden 28. juni til 15. august sel Danish Air Transport einvegsbillettar på strekningane Florø-Bergen og Florø-Oslo til 265 og 296 kroner kroner pluss ei tingingsavgift på 90 kroner. Men på fredagar og søndagar dumpar det danske flyselskapet prisen til 185 kroner pluss tingingsavgifta.
Treng ikkje gje tap
Tilbodet kjem for å fylle opp flya på dei avgangane der selskapet ikkje har trafikk av oljearbeidarar som skal til eller frå kystbyen. Rutesjef Bjarne Rasmussen seier at slike billigbillettar ikkje treng gje noko tap for DAT dersom dei kaprar kundar som elles ikkje hadde tatt fly.
Widerøe svarer ikkje
Widerøe, som trafikkerer dei andre flyplassane i fylket, kjem ikkje til å gå inn i priskrig med DAT. Det seier informasjonssjef i Widerøe, Siw Sandvik, og viser til lågprisen på einvegsbillettar til Oslo på 456 kroner. Men ho lovar at Widerøe skal legge ut fleire lågprisbillettar i sommarperioden.